Homoforkjempar får Raftoprisen

Frank Mugisha frå organisasjonen SMUG har fått Raftoprisen 2011 for innsatsen for seksuelle minoritetar i Uganda.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Homoforkjempar får Raftoprisen

Frank Mugisha er leiar for organisasjonen Sexual Minorities Uganda (SMUG), ein organisasjon som kjempar for rettane til homofile i Uganda, der homofili framleis er ulovleg og straffbart.

Mugisha har opent kjempa for dei homofile og fått fleire drapstruslar. Tidlegare i år fekk han også Robert F. Kennedys menneskerettspris.

Raftoprisen har vorte delt ut kvart år sidan 1987 og går til personar, grupper eller organisasjonar som kjempar for idear og prinsipp som underbyggjer FN-charteret om menneskerettar. (©NPK)