Ny James Bond-film kan bli spelt inn i Noreg

Den neste James Bond-filmen har fått tilbod om støtte på inntil 47 millionar kroner dersom dei legg delar av innspelinga til Noreg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var NRK som omtalte saka først.

Norsk filminstitutt offentleggjorde fredag kva for filmar som er tildelt såkalla insentivtilskot. Der går det fram at den neste James Bond-filmen, med den førebelse tittelen «B25», er vurdert spelt inn i Noreg. På den bakgrunnen har Filminstituttet tilbode produksjonen 47 millionar kroner.

– Vi er glade for at innspelinga av filmen med førebels tittel B25, er vurdert lagt til Noreg. Tilskotsramma vi tilbyr filminnspelinga, 47 millionar kroner, er den største i historia til insentivordninga, seier avdelingsdirektør Stine Helgeland i Norsk filminstitutt.

«Bond 25» og har Daniel Craig i hovudrolla. Filmen skal ifølgje filmstaden IMDB ha premiere i februar 2020.

Insentivordninga for film gir 25 prosent refusjon av utgifter for internasjonale filminnspelingar i Noreg.

Les også: Josefine Pettersen speler svensk aktivist som stansa tvangsutsending