Rekordmange fekk læreplass i 2018
74 prosent av søkarane hadde ved utgangen av fjoråret fått godkjente lærekontraktar. Det er den høgaste delen som er registrert sidan målingane starta i 2011.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I løpet av fjoråret var det ein auke i både talet på søkarar og i talet som fekk innvilga læreplass hos norske bedrifter. På landsbasis var det over 29.200 søkarar, og 21.706 av dei fekk moglegheita til å få opplæring og praksis i faget sitt.
– Elevar, lærarar, fylkeskommunar og næringsliv i heile landet har gjort ein god innsats. Aust-Agder, Telemark og Sogn og Fjordane har hatt ein auke på over 10 prosentpoeng samanlikna med 2015, og også Troms, Finnmark, Nordland og Hedmark har hatt ein stor auke. Dette viser at både bedrifter og offentleg sektor tek ansvar, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).
Store skilnadar både geografisk og mellom ulike fag
Tala viser likevel at det er store skilnader – både geografisk og mellom ulike fag – i kor stor del som fekk læreplass. Mellom anna er det 19 prosentpoeng skilnad mellom Østfold, der delen var lågast, og Rogaland, der delen var høgast.
Veksten er størst innan naturbruk og bygg- og anleggsteknikk. Hos sistnemnde fekk 85 prosent av søkarane lærekontraktar i 2018. Til samanlikning fekk berre 69 prosent av søkarane det same innan helse og oppvekstfag, som òg er det faget med flest søkarar til læreplass.
Den aller lågaste delen er innan medium og kommunikasjon, der berre 43 prosent av søkarane fekk læreplass.
– Vi kan komme til å mangle over 70.000 fagarbeidarar i 2035. Eg håpar også dei andre bransjane vil sjå til bygg- og anleggsindustrien og vere med på lærlingløftet, seier Sanner.