Vil mobilisere ungdom til kyrkjevalet
For to år sidan røysta berre tre prosent av dei unge i alderen 15 til 18 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Totalt stemte 13,5 prosent av medlemmene i Den norske kyrkja ved valet i 2009, og forskarar som evaluerte kyrkjevalet da, meiner taket for valdeltakinga er på rundt 17 prosent.
Prosjektleiar for kyrkjevalet og demokratireforma i Kyrkjerådet, Sissel Vartdal, håper mange vel å stemme.
– Vi er opptatt av å engasjere medlemmene våre. Det å utfordre unge handlar om to ting: både at dei blir valde inn i dei kyrkjelege råda, og at dei bruker stemmeretten sin, seier ho til NTB.
Ved valet for to år sidan fekk for første gongen også femtenåringar høve til å røyste.
– Her går Kyrkja føre ved å gi femtenåringar høve til å stemme, men for å få opp deltakinga må det langsiktig jobbing til. Stemmerett frå 15 år er ei ordning som vi prøver ut i demokratireforma. Alt som er nytt, må byggjast opp over tid. For Kyrkja er dei unge ei viktig målgruppe, seier ho.
Minst like viktig som valdeltakinga er den auka bruken av direkteval til bispedømmeråda og dermed også til Kyrkjemøtet. I alt skal 55 av dei 115 delegata til Kyrkjemøtet veljast 11. og 12. september samtidig med kommune- og fylkestingsvalet.
Demokratireforma
– Det er same typen val som for to år sidan. På same måten som sist er det direkteval i dei elleve bispedømmeråda, seier ho.
Ein viktig føresetnad for demokratireforma i Kyrkja er at veljarane skal ha reelle høve til å velje mellom kandidatane – dei må vite kva kandidatane står for. Det krev at kandidatane viser seg fram og profilerer seg sterkare enn før. Blant anna må kandidatane til bispedømmevalet svare på ei rad aktuelle kyrkjelege spørsmål på nettsida kyrkjevalet. no.
Flest kvinner
Åtti prosent av befolkninga over 15 år – rundt 3,1 millionar nordmenn – har røysterett.
Alle medlemmer av Den norske kyrkja som fyllar 15 år i 2011, har røysterett, men den som skal stå på ei liste, må fylle 18 år i 2011.
Målet er minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn og minst 20 prosent representasjon av ungdom under tretti år på kandidatlistene.
I motsetning til kommunevalet har kyrkjevalet i 2011 flest kvinnelege kandidatar: 59 prosent kvinner og 41 prosent menn.
Gjennomsnittsalderen er litt høgre enn ved kommunevalet: 51 år. Dei 32 yngste kandidatane fyller 18 år i 2011. Dei tre eldste er over 89 år gamle. (©NPK)
Faktaboks
Fakta om kyrkjevalet
* Kyrkjevalet blir halde samtidig med kommune- og fylkestingsvalet
* Det skal veljast nye sokneråd og nye medlemmer til bispedømmeråda
* Det er 1.285 sokneråd og 11 bispedømmeråd.
* Alle medlemmer av Den norske kyrkja som fyller 15 år i 2011, har stemmerett.
* For å stå på ei liste må kandidaten fylle 18 år i 2011.
* Målet er minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn og minst 20 prosent representasjon av ungdom under tretti år på kandidatlistene.
(Kjelde: Den norske kyrkja) (©NPK)