Sjølvbiografisk om oppvekst
– Det er ein del som er sårt, blant anna skriv eg om eit par episodar der eg blei utsett for rasisme. Det seier forfattar Brynjulf Jung Tjønn om si nye roman.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Sjølv- biografisk om oppvekst
I midten av august vert den nye boka til feiosforfattaren Brynjulf Jung Tjønn lansert, ein personleg roman med sterke biografiske referansar, som tek for seg oppveksten i Feios og korleis det er å vera annleis.
Adoptert i bygdemiljø
Sjølv er forfattar Brynjulf Jung Tjønn ikkje i tvil:
– Dette er det beste eg har skrive, seier han.
Boka som har fått tittelen Kinamann, handlar om korleis det er å veksa opp som adoptert i eit lite bygdemiljø, om dei første møta med rasisme, om erkjenninga av at du ikkje er som alle andre, verken utvendig eller innvendig.
Boka skildrar ei identitetskrise i ferd med å nå høgdepunktet i det romanfiguren Gjermund bestemmer seg for å skriva ei bok om oppveksten.
Sentralt står tema som adopsjon og identitet, det å ikkje kjenna sitt eige opphav, ikkje kjenna si personlege historie.
Knausgård
Sjølv om Tjønn har gjeve hovudpersonen i boka eit anna namn enn seg sjølv, som i desse Knausgård-tider er eit heilt medvite grep, er det ingen tvil om at det er si eiga historie han vil fortelja.
– Dette er ei historie som har lege i bakgrunnen ganske lenge og som eg har opplevd som heilt naudsynt å fortelja, seier han.
Tjønn er oppteken av at boka ikkje skal bli assosiert med nettopp Knausgård, og understrekar at ideen til boka kom lenge før Min Kamp var i bokhandelen.
Terapi
Trass i at romanen tek opp vanskelege tema, fortel Tjønn at arbeidet med den har gått uvanleg lett.
– Det har berre rast av garde, seier han. Skriveprosessen har gjort det lettare å få avstand til ein del minner som har vore tunge.
– Det er ein del som er sårt, blant anna skriv eg om eit par episodar frå barndomen der eg blei utsett for rasisme. Det kan eg òg oppleva i vaksen alder, men etter å ha skreve boka er det meir slik at eg berre konstaterer at det er slik, i staden for å la det gå inn på meg, seier han.
Universelt tema
Boka er personleg, men Tjønn er ikkje redd for at det skal hindra den i å nå ut til eit breitt publikum.
– Eg føler at boka har fleire nivå. Den er lokal, men tek på same måte opp universelle tema kring identitet, seier han.
LES OGSÅ: Svakt hjarte med sterk livsgneist
Personar og episodar frå eige liv er blitt skildra, men gjeve andre namn og gjerne sett i andre samanhengar. Mange vil likevel kunne kjenna seg igjen.
– Alle sin barndom og oppvekst blir prega av personar ein møter. Eg er ikkje ute etter å henga ut nokon, men det har vore naudsynt å ta fram enkelte episodar for å gjere historia truverdig. Heilskapen er fiksjon, men eg brukar biografiske element, seier Tjønn.