Er du Årets unge bonde?
Er du bonde, under 35 år og matprodusent, ja då er du kanskje Årets unge bonde 2011.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norges bygdeungdomslag og McDonalds er på jakt etter ein ung bonde som kan vere eit førebilde for andre ungdommar som vil inn i bondeyrket. Tiltaket er ein del av kampanjen Grønn utdanning som har som føremål å rekruttere ungdom til landbruket og andre grøne fag.
Det er andre året at Årets unge bonde skal kårast. I fjor stakk svineprodusenten Roar Grødeland (28) frå Orre på Jæren av med prisen.
– Det er utruleg morosamt og motiverande å få ei slik anerkjenning i sterk konkurranse med andre dyktige kandidatar. Eg håper prisen også kan verke oppmuntrande for andre unge bønder som vel å ta eit slikt flott yrke, sa vinnaren i fjor.
Meir om Årets unge bonde finn du her.