Håvard (15) er Årets fotballtalent: – Eg fekk heilt sjokk
Sogndalspelar Håvard Hetle (15) er kåra til Årets fotballtalent. Dette kjem fram i ei pressemelding.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka var først publisert i Porten.no.
Sogndal-spelar Håvard Hetle (15) er kåra til Årets fotballtalent i Noreg. Kåringa vert arrangert av TV2 og Norges Fotballforbund i samarbeid med Equinor Morgendagens Helter.
– Eg trudde eigentleg at nokon av dei andre kom til å vinna ettersom at dei er så gode. Eg fekk difor heilt sjokk når eg fekk veta at eg vant. Det er veldig kjekt å bli kåra til Årets fotballtalent, seier Hetle.
Les òg: For engasjerte foreldre får unge til å slutte med fotball
Landslagsdebut som 14 åring
Keepertalentet som no har signert proffkontrakt med Sogndal, begynte å spela fotball i ung alder. Han debuterte på G15-landslaget allereie i fjor haust.
– Håvard har lagt ned ein imponerande innsats over tid og kombinert det med både læringsvilje og glød. Det er nettopp dessa eigenskapane som kjenneteiknar dei største talenta me har i Noreg, seier Cathrine Instebø, sponsorsjef Equionor Morgendagens Helter.
Les òg: Vårin (23) lever fotballdraumen i USA
Spår ei lovande framtid
Tidlegare Start-spelar Jesper Mathisen, som er eit av årets jurymedlem, er imponert over Hetle sitt talent.
– Håvard er ein spennande keeper med god teknikk og enorm fysikk. Han har eit fantastisk grunnlag for å utvikla seg i åra som kjem, seier Mathisen.