Prøver å roe ned dei for engasjerte fotballforeldra

Martin Årseth
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For engasjerte foreldre får unge til å slutte med fotball

Dei tre stockholmsklubbane Djurgarden, AIK og Hammarby gjekk saman om ei undersøking, for å finne ut kor stort problem dei vaksne var, skriv The Guardian.

Resultata var nedslåande. Éin tredel av alle unge svara at dei har vurdert å slutte med fotball på grunn av foreldra. Av dei vaksne som svara, hadde 83 prosent sett foreldre som pressa ungane for mykje, eller som høglydt kritiserte unge dommarar.

– Når barn speler fotball, så handlar det om kjærleiken deira til fotballen. Ikkje våre forventningar, seier Djurgården-trenar, Özcan Melkemichel, til Aftonbladet.

Fotball-eid

Dei tre klubbane er ikkje akkurat bestevener til vanleg, men i dette tilfellet kunne dei samle seg om ein eid.

Fotballeiden går som følgjer: «Eg, som ein forelder, vil gjere alt eg kan til å støtte mitt barn, andre barn, klubbfunksjonærar, dommarar og foreldre på trening og i kampar – gjennom positivt engasjement.»

1600 foreldre har skrive under på eiden, og nokre har jamvel spurt om å få trykkje han på t-skjorter og plakatar.