Barneombodet vil sparke rektorar
Mange skulebarn mistrivst, blir mobba og plaga. Aldri før har så mange foreldre bedt Foreldreutvalet om hjelp. Barneombodet føreslår å sparke rektorar som ikkje leverer eit trygt skulemiljø.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Barne- ombodet vil sparke rektorar
Nyleg viste eit felles nasjonalt tilsyn at berre 11 av 129 kontrollerte skular gjekk fri då dei blei kika i korta på om dei har gjort det dei skal for å gi elevane eit godt sosialt miljø på skulen. Ni av ti skuler bryt lova, ifølgje Utdanningsdirektoratet.
No vil assisterande barneombod Knut Haanes ha tøffare reaksjonar mot rektorar som ikkje følgjer lova.
– Rektorar må sparkast frå jobben når dei ikkje leverer eit trygt skulemiljø. Det må få konsekvensar når ein ikkje tek tak i problema og løyser dei innan ein frist, fastslår Knut Haanes til Dagsavisen.
Loveleen Brenna, leiar i FUG, er samd.
– Barna våre er rettslause i skulen. Det verkar som at vi leverer ungane til ein institusjon som utset dei for alvorleg fysisk og psykisk skade. Hadde dette skjedd i heimen, ville barnevernet gripe inn. Når skulen sviktar, skjer det ingenting, seier ho.
– Tala viser at norske kommunar rett og slett ikkje er i stand til å ta vare på barn og unge. Skuleleiarar bør derfor bli tilsette på åremål, seier Haanes. (©NPK)