Klar for verdas brattaste

Thomas Vestbø møter Anders Aukland i motbakkeløpet Langfoss Opp.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Thomas Vestbø frå Vindafjord får tøff motstand når han laurdag skal forsvara fjorårets siger i Langfoss Opp. Denne gong møter sandeidbuen den meir meritterte skiløparen Anders Aukland til duell, når verdas brattaste løp skal gjennomførast.

Etter at Gisle Sellevold drog det spektakulære løpet i gang i fjor, har Åkrafjorden Landskapspark overtatt som arrangør. Rundt hundre har meldt seg på det 1.760 meter lange løpet som stig frå 15 til 650 meter over  havet.

— Dette er langt mindre enn i fjor, og noko skuffande etter brei marknadsføring med blant anna eiga nettside, seier John Karsten Hustveit.

LES OGSÅ: Verdas vakraste?

Det er mogeleg for etterpånølarar å stilla, men arrangøren ser helst at dei får eit varsel på telefon. Aud Signe Flesland har laga årets diplom, og det er pengepremiar som både aktiv klasse og turgåarar har sjansen til å vinna.

LES SAKA I GRANNAR.NO!