På vift i verda
– Det farlege med å reisa, er at me berre vil meir og meir.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Marie (snart 21) og Line (24) Jastrey Albertsen er heime på Sand i Ryfylke etter nesten eit halvt år på reisefot.
Jentene heiv seg med på turbuss til Grand Canyon. Her er eitt av fleire hundre bilete som vart tekne på dei tre timane dei var der. Foto: Privat.
For ei stund tilbake gjekk dei begge med tankar om å reisa. Line (24) var ferdig med bachelorgrad i idrettsvitskap som ho tok i Bø, og Marie (snart 21) var ferdig på Nordhordland folkehøgskule på Frekhaug.
– Så berre blei det slik at me fann ut at me skulle reisa saman. Og så slang Lina seg på når heile turen var ferdig planlagt, fortel søstrene. Lina Øygard Reksten er ei studievenninne av Line og til saman kalla dei seg ”The travelling triplets” då dei blogga om turen. Etter eit halvt år med sparing, hadde dei det dei trengte. Line hadde jobba med eit internasjonalt friluftslivprosjekt i Rogaland fylkeskommune, medan Marie jobba på Coop Extra i Sandnes.
Etter å ha sett fyrverkeri nyttårsaftan, var dei klare for avreise 1. januar klokka 05.00. Første stopp var Nairobi, før dei tok buss til Tanzania. Der besøkte dei ei venninne av Line som hadde utplasseringsplass gjennom CHRISC.
– Det var kjekt å vera i ein by der det ikkje var turistar. Me fekk møtt dei lokale meir. Me spelte til og med fotballkamp mot dei. Afrikanarane vann 6-1, sukkar Line som legg til at dei innfødde var svært spørjande i blikket då dei såg ein kvit gut med ti blonde jenter.
– Alle mennene såg på Andreas og sa: ”How did you do that? ”, ler eldstesøstera.
Skytedrama i Arusha
Dei opplevde alt frå fryd og gammen på marknaden, til meir dramatiske sider av Afrika då dei vart vitne til både sebrafødsel og skytedrama.
– Sebrafødsel var litt spesielt. Me såg alt, frå han ploppa ut til han stod på beina etter ni minutt, fortel Marie, men innrømmer at det var hakket meir dramatisk med skotvekslinga i Arusha.
LES OGSÅ: – Mykje lettare å læra språk i utlandet
– Me sat i ein taxi då me høyrde pistolskot. Då me sprang inn på hotellet tok ein mann som jobba der oss med opp i etasjane slik at me kunne få oversikt over det som skjedde. Det var som å vera i ein actionfilm. Kvar gong me høyrde skot, dukka me ned, fortel ho. Jentene fekk nyss i at opprøret hadde starta under eit politisk møte. Då politiet kom for å bryta det opp, blei det krangel mellom dei og folket.
– Det enda i fire drepne og elleve skadde. Politiet hadde tåregass, og folk hadde steinar. Alle gjekk og grein av tåregassen, inkludert oss. Det var jo litt av ei oppleving, og så var det i tillegg det første me fekk sjå av Tanzania. Folk sa dei aldri hadde opplevd liknande, men dei må jo ha gjort det sidan dei synest det var morosamt. Dei begynte å le, fortel Line.
Kvar kunne du tenkja deg å reisa på verdsomreise?