Kanalen på 630 minutt
Bergensbanen har gjort det, Hurtigruta er nettopp ferdig med det, og no er kanskje Telemarkskanalen klar for det.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
NRK kan melde at dei hadde med seg over 2,5 millionar TV-sjåarar i helga som var. Det gjorde NRK2 til noregs største TV-kanal med heile 35 prosent marknadsdel.
– Dette er TV-historie, seier NRKs analysesjef, Kristian Tolonen.
Ein liknande idé for Telemarkskanalen er sett fram for dagleg leiar i Telemarksreiser AL, Irene Siljan Vestby, av TV Telemark.
Stortingsrepresentant for Høgre, Torbjørn Røe Isaksen, er også ivrig på tanken om Telemarkskanalen minutt for minutt. Vestby er derimot litt usikker på om det kan bli suksess.
– Det er ikkje lett å kopiere suksess, men ideen er veldig god, seier Vestby.
Isaksen meiner Telemarkskanalen har det som trengs for å lage god TV-underhaldning.
– Landskapet er pittoresk, det er liv langs ruta, og med om lag ein dags reise er det passe lengde, meiner han.
Hurtigrute
Den nedre delen av Telemarkskanalen, Norsjø-Skienkanalen, fyllar i år 150 år. Heile kanalen var ferdig i 1892 og strekkar seg 105 kilometer gjennom seks kommunar, kor to av dei ligg i Vest-Telemark. Heile turen frå Skien til Dalen tek i underkant av ti timar.
– Kanalbåtene var på ein måte våre hurtigruter, og viktig for import og eksport, seier Vestby.
Vestby fortel vidare at båtane og kanalen er både ein attraksjon nasjonalt og internasjonalt, og Innovasjon Noreg valte dessutan og bruke Telemarkskanalen som ein av tri stadar i Noreg for marknadsføring til utlandet.
God idé
NRKbeta presenterar seg sjølv som sandkassa til NRK for teknologi og nye media. Det er dei som har stått for ideen om både filminga av reisa med Hurtigruta og Bergensbanen, som blei senda i 2009.
I løpet av programmet om Hurtigruta har NRKbeta fått mange tips om andre stadar dei burde gjere tilsvarande program.
Redaktør og prosjektleiar for NRKs utviklingsavdeling, Eirik Solheim, likar ideen om Telemarkskanalen minutt for minutt.
LES OGSÅ: Snitt, snapp, snute – ikkje meir hurtigrute
– Det er den beste ideen som har kome fram i løpet av Hurtigrute-programmet, seier Solheim.
Solheim seier han har sendt ein førespurnad om Telemarkskanalen til NRKs distriktskontor i Bergen ved Rune Møklebust, som har ansvar for desse spektakulære programma.
Isaksen kjem i mellomtida med ei oppfordring til kanalkommunane og reiselivsnæringa;
– Me må kaste oss fram og vise interesse lokalt for å få det til, oppmodar han.
LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!
Kvar kan du tenkja deg å reisa på tv, etter at hurtigrute-tv er ferdig?