Fleire i nord for oljeboring i Barentshavet

Stadig fleire i dei nordlegaste fylka seier ja til oljeboring i Barentshavet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire i nord for oljeboring i Barents- havet

Motstanden mot boring i Lofoten og Vesterålen er likevel stabil, viser ei fersk meiningsmåling.

Så mange som 53 prosent svarer at dei er for opning av nye felt i Barentshavet, mens 27 prosent er mot, og 21 prosent seier dei ikkje er sikre. Det går fram av undersøkinga som A-presse-avisene i nord har fått gjennomført.

Blant dei spurde seier 49 prosent nei til petroleumsverksemd utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, mens 37 prosent seier ja. 15 prosent har ikkje bestemt seg.

Naturvernforbundet er fornøgd med at motstanden mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja held seg på eit stabilt nivå.

– Dette synest vi er svært hyggelege tal, som enda ein gong viser at oppfatninga om at nordlendingane står på kaia og ventar på at oljeriggane skal komme til Lofoten, berre er tull, seier rådgjevar Elisabeth Sæther i Naturvernforbundet.

Bellona-leiar Frederic Hauge seier han er trygg på at den store motstanden vil halde fram. Skulda for ønsket om boring i Barentshavet legg han på ein overentusiastisk statsråd.

– Vi trur tala i undersøkinga for Barentshavet kjem av den kraftige opphaussinga til olje- og energiministeren av moglegheitene der, seier Hauge. (©NPK)