Kong Harald er død

Kong Harald døydde på Rikshospitalet fredag 28. august klokka 06.35.

Åshild Slåen/Birgitte Vågnes Bakken/NPK
Publisert

Saka blir oppdatert.

Det melder Kongehuset fredag morgon. Dei skriv på nettsidene sine at han sovna stille inn på Rikshospitalet.

– Det er med djup sorg eg har motteke bodskapen om at Hans Majestet Kong Harald V er død, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NTB.

Saman med stortingspresidenten Masud Gharahkhani (Ap) og høyesterettsjustitiarius Toril Marie Øie, var statsministeren blant dei første utanom kongefamilien som fekk vite om dødsfallet.

Ekstraordinært statsråd

Regjeringa samlast om kort tid til regjeringskonferanse på Statsministerens kontor. Dei vil deretter møte den nye kongen til ekstraordinært statsråd på Slottet. Det skal skje klokka 11.30, ifølgje NRK.

Kyrkjeklokkene vil frå klokka 12 til 13 ringe i kyrkjer landet rundt for å minnast kong Harald V.

Ringinga skjer i same mønster som etter kong Olavs bortgang i 1991. Det er vedteke i samråd med Det kongelege hoffet og regjeringa, opplyser Den norske kyrkja.

Fakta om Kong Harald V

  • Harald V vart fødd 21. februar 1937 på Skaugum. Han var den første norskfødde prinsen på 567 år.
  • Son av kong Olav V og kronprinsesse Märtha. Bror til prinsesse Ragnhild og prinsesse Astrid.
  • Dei tre første åra av sitt liv budde han på Skaugum i Asker, men under den tyske okkupasjonen budde han med mor si og to søstrer i Washington DC. Kong Haakon og kronprins Olav oppheldt seg i London.
  • Då krigen var over, byrja han på Smestad skule i Oslo. Han heldt deretter fram utdanninga på Oslo katedralskole og tok eksamen og var raudruss i 1955.
  • Etter artium byrja prins Harald på Kavaleriets befalsskule og gjekk deretter Krigsskulen, før han reiste til Oxford der han studerte samfunnsvitskap, historie og økonomi ved Balliol College.
  • Då kong Haakon VII døydde i 1957, vart Harald kronprins og møtte for første gong i statsråd.
  • Den 29. august 1968 gifta kronprinsen seg med Sonja Haraldsen i Oslo domkyrkje.
  • Dei to fekk to born, prinsesse Märtha Louise (fødd 22. september 1971) og kronprins Haakon (fødd 20. juli 1973), og dessutan fem barneborn.
  • Fire dagar etter kong Olavs død 17. januar 1991 avla kong Harald eid i Stortinget. Han tok valspråket «Alt for Norge», som far og farfar.
  • 23. juni same år vart kongen og dronninga etter eige ønske signa av biskop Finn Wagle i Nidarosdomen i Trondheim.
  • Han har vore ein aktiv seglar store delar av livet og konkurrerte i fleire meisterskapar. I 1964, 1968 og 1972 representerte han Noreg i OL. Hans beste resultat kom i 1964 då han fekk 8.-plass i klassen 5,5 meter-R. Under VM i Kiel i 1987 tok han gull, og det vart òg gullmedalje i EM i Sandhamn i Sverige i 2005. Han har òg to sølv og to bronse frå verdsmeisterskap. I 2022 deltok han i sin siste verdsmeisterskap, i Genève. Han og mannskapet på Sira kom på 10. plass. I desember same år la 85-åringen opp som konkurranseseglar.

Kjelder: Kongehuset og NTB

(©NPK)

Forverra helse

Torsdag morgon informerte slottet om at kongen si helse hadde blitt verre etter han vart lagt inn på Rikshospitalet 17. august.

Han vart behandla for sjukdommen hemolytisk anemi, der kroppen bryt ned raude blodceller for fort til at kroppen får laga nye.

Både dronning Sonja, kronprinsparet, prinsesse Ingrid Alexandra og prinsesse Astrid besøkte sjukehuset.

Kong Harald vart 89 år, og har vore monark i 35 år, sidan 1991. Sonen Haakon blir no konge.

Les også: Slik minnest vi kongen: Ni gongar kongen var konge

Folk i hovudstaden har strøymt til Slottsplassen for å legge ned blomar.