Målvakthelten Nyland løyst opp i tårer etter VM-exiten
– Sånn er det å vera målvakt, sa landslagsspelaren etter kampen.
Ørjan Nyland har vore ein stor grunn til at Noreg kom seg til kvartfinalen i sommar-VM, men målvakta var utrøysteleg rett etter at Noreg vart slått ut med 1–2 mot England.
Både Noregs spelarar og landslagssjef Ståle Solbakken prøvde å trøysta han etter kampen. Han fekk også trøyst av familien som stod på tribunen.
På eit skot frå 25 meters hald gav Nyland returen som førte til Jude Bellinghams vinnarmål tidleg i ekstraomgangane.
– Eg følte at eg skulle klara å halda han, men eg burde kanskje berre ha skuffa han vekk. Det er mykje skuffelse no, men sånn er det å vera målvakt, sa Nyland.
Tolmodig
Han var den siste norske spelaren som kom til intervjusona, godt over to timar etter kampslutt, men han stoppa og svarte tolmodig på spørsmål både frå norske og utanlandske medium.
– Ikkje alle ballar er enkle, sånn er det berre. Det er noko å læra av. Og så skal eg vel vera bra nøgd med det andre eg har gjort i VM, sa han.
Også engelske spelarar var borte med trøystande ord til Noregs målvakt. Både Nylands tidlegare lagkamerat i Aston Villa, Ezri Konsa, og England-målvakt Jordan Pickford prøvde å bidra til å trøysta han.
Enorm
– Han har redda oss og vore enorm i heile meisterskapen. Han sende oss til kvartfinalen sist, så han skal vera stolt av seg sjølv. Me taper og vinn som eit lag, sa Noregs kaptein Martin Ødegaard om lagkameraten til TV 2.
Då Bellingham utlikna til 1–1 i ordinær tid, så utsparket frå Nyland ut til å gå i kameraopphenget over banen. Ballen fall ned til England, som kontra inn skåring.
– Eg meiner klart at utsparket stoppa fordi den trefte ein vaier. Eg tenkte at då blir det dropp, sa han.
Tidlegare i meisterskapen har Nyland storspelt, spesielt mot Elfenbeinskysten og Brasil i utslagsrundane. Mot Brasil var det fleire som gav den norske sisteskansen 10 på børsen.






