Høgsterett i Japan

Krav om sterilisering ved kjønnsskifte strid mot grunnlova

Den øvste domstolen i Japan slo onsdag fast at ein ikkje må bli sterilisert for å skifte kjønn.

Åshild Slåen
Publisert

I Japan har det sidan 2004 vore lovfesta at personar som skiftar kjønn må sterilisere seg.

Onsdag slo den japanske høgsteretten fast at denne lova strid mot grunnlova, skriv BBC.

Dommen kom etter ei transkvinne utfordra lovpraksisen. Retten seier at lova « … er ei betydeleg avgrensing for fridomen frå inngripande inngrep.»

Japan er eit av 18 land med ei slik lov, men er einaste blant G7-landa. Verdas Helseorganisasjon (WHO) har tidlegare kritisert praksisen.

Gruppa Human Rights Watch seier dommen er ein siger for transpersonar i Japan.

Det er framleis avgrensingar rundt kven som får lov til å skifte kjønn i landet. Ein må blant anna vere singel og ikkje ha barn under 18 år.