Ny leiar:

Fridas (26) politiske engasjement har alltid vore personleg

Søstera er det viktigaste førebiletet til den nye leiaren i Unge Sentrum. – Eg beundrar måten ho møter medgang og motgang på.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Då eg oppdaga Partiet Sentrum i 2022, var det noko som trefte meg. Eg opplevde at partiet tok menneskeverd, inkludering og berekraft på alvor, og at det var dei viktigaste utfordringane som fekk størst plass, skriv Frida Kristin Øverli på e-post til Framtida.

I april vart 26-åringen vald som ny leiar for Unge Sentrum.

– Politikken vår er bygd opp etter menneskerettane til FN og dei 17 berekraftsmåla. Når desse omsyna vert sette fremst, blir også resultatet politikk som fungerer, skriv ho.

Inspirert av søstera

Søstera hennar, Ingeborg Aurora Øverli, er det viktigaste førebiletet hennar. Søstera har ein medfødd muskelsjukdom, men Øverli fortel at det aldri har avgrensa henne.

– Ho har i over 12 år vore arbeidsleiar for fleire titals tilsette i si eiga BPA-ordning, samstundes som ho har vore fast tilsett som teamleiar. Eg beundrar måten ho møter medgang og motgang på, skriv ho.

Den nye leiaren fortel at det politiske engasjementet hennar alltid har vore personleg.

– Gjennom å vere veslesøstera til Ingeborg, og personleg assistent for menneske med ulike funksjonsvariasjonar, har eg sett på nært hald korleis samfunnet skapar ulike barrierar, skriv ho.

Då Øverli i 2020 byrja på jusstudiet i Tromsø, lærte ho mykje om korleis ordlyden i lova kan få stor tyding for livet til einskildmenneske. Ho lærte også om koplinga mellom juss og politikk.

Likestillingsverktøy

Hjartesaka til den nye US-leiaren er at samfunnet skal rekne det å vere annleis som ein ressurs på alle arenaer.

– Altfor mange opplever at samfunnet er lagt opp på ein måte som stenger dei ute, i staden for å gi dei høvet til å bidra, skriv ho.

Unge Sentrum meiner difor at ordninga for brukarstyrt personleg assistanse (BPA) må løftast frå kommunalt til statleg nivå. I dag varierer tilbodet frå kommune til kommune, noko som skapar ulike høve til å leve frie og sjølvstendige liv.

Øverli slår fast at BPA er eit likestillingsverktøy som gir menneske høve til å ta utdanning, vere i jobb og delta aktivt i samfunnet.

– Altfor ofte vert BPA sett på som ei for stor utgift, sjølv om vi veit at ordninga er både kostnadseffektiv og treffsikker, skriv ho.

Tydelegare, modigare, meir utolmodige

Den nye leiaren skriv at inkludering, psykisk helse og klima er dei tre viktigaste sakene for ungdomspartiet i 2026.

For inkludering ønsker partiet mellom anna å innføre eit tredje juridiske kjønn og løfte fram utfordringar gutar og menn møter i dagens samfunn.

Når det gjeld psykisk helse, vil Unge Sentrum styrke undervisinga i skulen for å gjere unge betre rusta til å møte motgang og utfordringar i livet, og etablere fleire døgnplassar innan psykisk helsevern for born og unge.

I klimapolitikken vil US gjere kollektivtransport gratis for studentar og unge under 18 år, og innføre ei nasjonal klimabelønningsordning, der dei som ureinar mest betalar meir til statskassa.

– Kva er den neste kampen?

– Å sørge for at ingen unge menneske vert plasserte på sjukeheim eller annan institusjonsliknande bustad mot sin eigen vilje.

– Kva er den største skilnaden mellom Unge Sentrum og moderpartiet?

– Unge Sentrum er tydelegare, modigare og meir utolmodige.

Inspirert av unge stemmer

Øverli ønsker å vere ein samlande og lyttande leiar som er tydeleg om verdiar og retning.

– For meg handlar leiing om å bygge tillit, inkludere andre og få fram det beste i alle, skriv ho.

I tillegg til søstera si, vert ho inspirert av mange andre unge stemmer. Nokre av dei er filmregissør Mari Storstein, som står bak filmen Min første kjærlighet; influensar Pia Hasund Vareberg, kjent frå Team Pølsa, og gründer Ola Schrøder Røyset.

Keramikk og Dagsrevyen

– Kva gjer du på fritida?

– Eg set stor pris på tid med vener, kjærasten og familie. I tillegg speler eg fotball og dreier keramikk.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Det er nok Instagram som tar litt for mykje av tida.

– Korleis held du deg oppdatert?

– Gjennom nettaviser, podkastar og Dagsrevyen. I tillegg får eg med meg litt gjennom samtalar med vener, kollegaer og familien.

100 000 utanfor arbeidslivet

– Du vaknar opp i morgon til di draumenyheit – kva er overskrifta?

– «Partiet Sentrum inn på Stortinget – menneskeverd får endeleg ei tydeleg stemme!».

– Kva er idealsamfunnet, og korleis skal vi nå det?

– Idealsamfunnet er eit samfunn der alle menneske får moglegheit til å delta og bidra, uavhengig av funksjonsevne, bakgrunn eller livssituasjon. Den norske velferdsmodellen bygger på universelle rettar, men eg meiner vi må bli flinkare til å faktisk inkludere alle.

Øverli meiner vi snakkar altfor lite om kva ressursar samfunnet går glipp av når menneske vert haldne utanfor utdanning og arbeidsliv. Ho trur mange politikarar undervurderer kor viktig det er å investere i menneske tidleg.

Regjeringa har varsla at ho vil fjerne fleire krav til universell utforming i sjukeheimar og omsorgsbustader. Øverli meiner det sender landet i feil retning.

– Når tilgjengelegheit vert nedprioritert, vert menneske med funksjonsvariasjonar utestengde. I dag står over 100 000 menneske med funksjonsvariantar ufrivillig utanfor arbeidslivet, skriv ho.

På bakgrunn av det meiner ungdomspartiet at universell utforming må vere eit ufråvikeleg krav i all samfunnsutvikling.

Sushi til Gro

– Kva person – levande eller død – ville du ha invitert på middag, og kva ville du ha servert?

– Eg ville ha invitert Gro Harlem Brundtland. Ho har unik erfaring som politisk leiar. Eg trur det hadde vore utruleg lærerikt å få høyre om korleis ho har stått i krevjande avgjerder og klart å tenke framtidsretta.

– Eg ville nok servert norsk sushi.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese?

Et større vi – til forsvar for livet av Geir Lippestad (tidlegare Sentrum-leiar, red.mrk.). Det var den første boka eg las som spegla ei røynd eg verkeleg kunne kjenne meg att i, og som gav meg trua på eit «vi» med plass til alle.

– Boka gjer sterkt inntrykk gjennom skildringar av menneskes erfaringar med utforskap, og ho utfordrar haldningar til å vere annleis som framleis finst i dagens Noreg.

Sofia Tjelta og Elpida Stojcevska i LIS. Foto: Lillian Julsvik/Rubicon/NRK

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

LIS på NRK.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

Our Last Summer av ABBA.