Ny måling: Unge nordmenn seier nei til EU-medlemskap
EU-motstanden held seg stabil i Noreg, viser ei fersk undersøking. Eit EU-nei er størst utbreidd hos dei yngste veljarane.
Målinga er utført av Opinion på oppdrag frå Dagsavisen og FriFagbevegelse.
51 prosent svarer at dei ville stemt nei dersom det var EU-avstemming i morgon, medan berre 33 prosent ville stemt ja. 17 prosent svarer at dei ikkje har bestemt seg.
Det er flest menn som er imot EU, med 54 prosent imot og 34 prosent for. Blant kvinner seier 34 prosent nei og 31 prosent ja.
Andelen som ikkje har bestemt seg, er dobbelt så stor blant kvinner (22 prosent) enn hos menn.
Det er dei yngste veljarane som er mest imot EU, og heile 60 prosent under 30 år ville stemt nei, medan berre 19 prosent ville stemt ja.
Les også: Tja til EU – Dette meiner ungdomspolitikarane om europeisk samarbeid




