Studentbarometeret 2025:

Studentar jobbar rekordmykje

Tre av fire studentar er fornøgde med utdanninga si, viser nye tal frå Studentbarometeret. Samstundes bruker studentane mindre tid på å studere.

NPK-NTB/Åshild Slåen
Publisert

– Det er veldig bra at så mange av studentane er fornøgde med utdanninga. Men eg uroar meg for at mange jobbar for mykje og får for lite tid til å studere. Her må vi finne ein betre balanse, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.

Tal frå Studentbarometeret 2025 viser at 76 prosent av studentane er tilfredse med studieprogrammet sitt. Det er ein auke på tre prosent frå året før.

Dei mest fornøgde studerer religion, arkeologi og fysikk.

Grunnskulelærarutdanningane hadde ein liten auke i gjennomsnittleg tilfredsheit frå året før, men er samstundes blant studia med lågast tilfredsheit blant studentane – saman med lektor- og filosofiutdanning.

Fleire jobbar ved sida av studia

Andelen studentar som jobbar ved sida av studia aukar. Dei jobbar i gjennomsnitt 14,9 timar i veka – opp frå 14,5 timar i 2024.

Samstundes held den faglege tidsbruken fram blant heiltidsstudentar å falle; i snitt bruker dei 14,7 timar i veka på organisert læringsaktivitet.

– Det er synd at det nærmast har blitt umogleg å studere utan å vere avhengig av deltidsjobb eller støtte frå foreldre for å få økonomien til å gå rundt, seier Sigve Næss Røtvold, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO) om dei nye tala i ei pressemelding.

Han peikar på at dei treng at regjeringa styrkar studentøkonomien ved å knytte studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda, slik Stortinget har vedteke, og som dei vart samde om i forhandlingane rundt statsbudsjettet.

Utdanningsministeren er samd i at det skal bli ein auke.

Sigrun Aasland er forskings- og høgare utdanningsminister. Foto: Kunnskapsdepartementet

– At dei fleste studentar jobbar ved sida av studia er positivt. Det gir inntekt, gode erfaringar og kontakt med arbeidslivet. Samstundes er det viktig at studentane bruker nok tid på utdanninga, og har det som sin viktigaste jobb. Norsk studentorganisasjon har berekna at studentar treng i overkant av 5000 kroner meir i månaden i tillegg til studiestøtta. Då skal ein ikkje trenge å jobbe 15 timar kvar veke, seier Aasland.

Ho seier at dei i 2026 vil fremje eit forslag om å regulere studiestøtta gjennom grunnbeløpet i folketrygda. Dei har også sett ned eit utval som skal sjå på studiestøtteordninga i sin heilskap og om det er behov for endringar.

Dei fleste bruker KI

Tala viser også at over 90 prosent av studentane bruker Kunstig intelligens (KI). Frå 2024 til 2025 auka andelen som ofte bruker KI frå 25 til 35 prosent.

Kunnskapsdepartementet skriv at KI-bruken varierer ein del mellom fag, og at studentane bruker KI til ulike formål. Den største auken i KI-bruk er til å kvalitetssikre og redigere tekst, samanfatte og som diskusjonspartnar.

– Vi veit at svært mange bruker KI, men eg er oppteken av at det skal skje på ein måte som fremjar læring. Eg forventar at alle universitet og høgskular reflekterer over god og dårleg bruk av KI i lag med både tilsette og studentar. Her vil også ekspertutvalet i laupet av året komme med nyttig rettleiing, seier Aasland.

Tala tyder på at fleire er tilbake på campus

7 av 10 studentar har regelmessige fysisk undervisning. Det er på same nivå som i 2024. 39 prosent av desse møter opp på campus 5 dagar i veka – 46 prosent møter opp 3–4 dagar i veka.

Totalt 89 prosent møter opp tre dagar i veka eller meir. Kunnskapsdepartementet skriv at det ikkje finst tidlegare samanliknbare tal for å kunne seie om det er høgt eller lågt.

– Vi veit at studentane i for liten grad har komme tilbake til campus etter pandemien. Tala i år kan tyde på at fleire er på veg tilbake, og den trenden må halde fram, fortel Aasland.