Musti med sin første headlinerkonsert i mai
Artisten lovar både ny og gamal musikk på scena til Nationaltheatret.
«Hver gang vi møtes»-aktuelle Musti vert den fyrste artisten som skal halde konsert på hovudscena på Nationaltheatret.
– Eg hadde aldri vore på Nationaltheatret før i år, men det må vere Oslos finaste scene. Ei kongeleg scene, kan du seie, seier Musti.
Ho lovar å ta med både ny og gamal musikk, inklusive nokre av låtane frå «Hver gang vi møtes», når ho held sin første headlinerkonsert.
Musti sleppte debutalbumet «Qoyskayga» som 17-åring, som hanka inn Spelemann som årets gjennombrot og beste hiphopalbum i 2021, etter å ha vunne P3 Gull året før som årets nykommar. Ho vann også Oslo by sin kunstnarpris for 2020.
Andreplata «Ugbad» kom i 2022, og gav to Spelemann-nominasjonar, medan ho same sommar spelte på Øya-festivalen. So vart det stille.
– Kroppen sa stopp, har Musti uttalt.
No vender ho tilbake for alvor i kjølvatnet av TV 2s musikkreality med det ho kallar «ein konsert for historiebøkene» på hovudscena.







