Ny studie: Gutar har større risiko for å bli avhengige av spel

44 prosent av gutar og 12 prosent av jenter er i faresona for gaming-avhengnad, ifølge ein ny, svensk studie.

NPK–NTB
Publisert

Spelavhengnad er eit globalt veksande problem, men det er viktig å skilje negativt spelåtferd – spelavhengnad – frå lidenskapeleg gaming, som for mange er noko positivt.

Forskarar ved Jönköping Universitet har for første gong brukt dei fire spørsmåla i Gaming Disorder Test (GDT – sjå faktaboks) i kombinasjon med spørjeskjema for å sjå kor mange skuleungdommar som er i risikosona for spelavhengnad. Meir enn 5300 tenåringar frå Jönköping i alderen 15 til 17 år deltok.

Studien viste store ulikskapar mellom kjønna. Nær 44 prosent av gutane var i risikosona og nær 12 prosent av jentene.

– Det overraska oss å sjå så tydelege kjønnsforskjellar i risikomønster, seier professor Gunilla Björling ved Helsehøyskolen i Jönköping og ein av forskarane bak studien, omtalt på nettsidene til universitetet.

Forskinga er nyleg publisert i tidsskriftet Comprehensive Psychiatry.

Gaming Disorder Test (GDT)

•  Risiko for spelavhengnad blir avdekt gjennom fire enkle påstandar om spelemønster. For kvart spørsmål blir det hukt av på ein skala frå «aldri» til «svært ofte».

1. Eg har vanskar med å kontrollere spelinga mi.

2. Eg har gitt speling stadig større prioritet framfor andre interesser og kvardagslege gjeremål.

3. Eg har halde fram med å spele eller auka spelinga trass i negative konsekvensar.

4. Eg har opplevd store problem i livet (til dømes personlege, med familien, sosialt, på skule eller jobb) på grunn av spelinga.

•  Svara blir gitt poeng frå 1 til 5, jo høgare poengsum, desto større risiko for spelavhengnad. Svar som «ofte» eller «svært ofte» tyder på spelproblem

•  Testen er basert på diagnosen til Verdshelseorganisasjonen (WHO) for dataspelavhengnad frå 2019: fire symptom som må ha vore tydelege i minst 12 månader, med store funksjonsnedsetjingar i dagleglivet.

•  GDT er testa internasjonalt og fungerer på tvers av land, kulturar og aldersgrupper.

•  Passar godt til bruk i skular.

•  Gjer det mogleg å oppdage spelproblem tidleg og å setje inn tiltak før problema blir store.

•  Utvikla i 2021 av den anerkjende psykologen Halley Pontes, spesialist på avhengnad.

Kjelder: Dr Halley Pontes, Helsenoreg og The Gaming Disorder Test

Teiknar seg eit mønster

I undersøkinga svarte ungdommane på spørsmål om helse og livsstil, inkludert søvn, fysisk aktivitet, velvære og sjølvkjensle. Dei svarte også på kor mykje tid dei brukte på spel. Svara vart sett i samanheng med kva dei svarte på dei fire spørsmåla i GDT. Testen er kort og lettbrukt, basert på dei fire kriteria Verdshelseorganisasjonen (WHO) har sett for diagnosen spelavhengnad.

Kriteria er eit mønster dei siste 12 månadene med aukande spelavhengnad. Dette blir kjenneteikna av at ein har problem med å kontrollere kor mykje ein spelar, spelinga blir prioritert framfor venner, familie og aktivitetar, spelinga held fram trass i negative konsekvensar, og ein opplever alvorlege problem med jobb/skule og relasjonar til andre på grunn av spelinga.

– Dette er veldig relevante spørsmål når det er snakk om spelavhengnad, seier seniorforskar Beate Wold Hygen ved avdelinga Mangfold og Inkludering ved NTNU Samfunnsforskning AS.

Ho har mellom anna forska på barns utvikling og gaming og er medforfattar på ein NTNU-studie som har sett på korleis gamingavhengnad blir utvikla hos barn i alderen 10 til 18 år. Ein av konklusjonane i studien var at vel 10 prosent av gutane oppfylte kriteria til dataspelavhengnad, medan nærare 2 prosent av jenter gjorde det.

Ulike risikofaktorar

For begge kjønn er mykje speletid ein sterk risikofaktor for spelavhengnad. Gutar speler dobbelt så mykje som jentene gjer.

– Utover lang speletid var den sterkaste risikofaktoren for spelavhengnad hos gutar dårlegare psykisk velvære, medan det hos jenter var låg fysisk aktivitet, seier Björling.

Somme faktorar hadde ikkje så mykje å seie som tidlegare anteke.

– Det var overraskande at sjølvkjensle og søvn ikkje hadde nokon signifikant samanheng med spelavhengnad, sjølv om mange tidlegare studiar har peika på det. Resultata tyder på at ungdommars psykiske helse og levevanar speler ei større rolle enn tradisjonelle psykologiske faktorar, seier Björling.

Test for å førebyggje

Forskarane meiner GDT gjer det mogleg å tidleg identifisere unge som risikerer å utvikle spelproblem, slik at ein kan setje inn førebyggjande tiltak.

Ansvarleg forskar for studien og professor Amir Pakpour meiner både skular og helsevesen kan nytte testen for å førebyggje spelavhengnad. Han meiner resultata frå forskinga tyder på at ein bør vurdere ulik tilnærming for gutar og jenter.

– For gutar bør fokus liggje på å styrkje psykisk velvære, til dømes gjennom samtalestøtte, stresshandtering og sosiale aktivitetar. For jenter bør tiltak som fremjar fysisk aktivitet – som rørslepausar, idrettsprogram og aktiv fritid – bli brukte for å førebyggje spelavhengnad, seier Pakpour.

Viktig å ikkje svartmåle

Hygen ved NTNU Samfunnsforskning AS seier til NTB at det er svært viktig å skilje potensielt avhengnadsskapande speling frå det som for svært mange er ein lærerik, sosial og givande hobby.

– Mange kan bruke mykje tid på å spele og ha mykje glede av det, utan at det er eit problem. Det fungerer for mange unge som ei forlenging av det fysiske sosiale samværet med venner. Problema oppstår først når spelinga byrjar å gå negativt utover livet elles, seier Hygen.

Ho meiner gaming fort blir uglesett.

– Framleis har vi mykje skam knytt til dataspel, og særleg om nokon bruker mykje tid på det. Men vi hadde ikkje vore like negative om ungdommen brukte timevis kvar dag på sjakk, seier ho.