Medium: Asheim og Svenneby blir truleg innstilte som nye nestleiarar i Høgre
Ola Svenneby og Henrik Asheim blir truleg innstilte som nestleiarar av valkomiteen i Høgre, melder fleire medium.
Arbeidet i valkomiteen i Høgre er i sluttfasen, og dei skal møtast fredag ettermiddag, melder VG og Dagens Næringsliv.
Også NRK og Nettavisen har snakka med kjelder som stadfestar dei same opplysningane.
NRK har snakka kjelder som tek atterhald om at avgjerda formelt skal takast på eit møte i valkomiteen i ettermiddag og deretter kommuniserast ut.
Etter kva media melder, vil Henrik Asheim bli foreslått til å halde fram som nestleiar, og han skal få selskap av avtroppande Unge Høgre-leiar Ola Svenneby som ny nestleiar.
Ettersom Ine Eriksen Søreide vil tre ut av den utvida utanriks- og forsvarskomiteen dersom ho blir ny partileiar, foreslår valkomiteen Peter Frølich som ny leiar av komiteen.
Viss innstillinga frå valkomiteen får fleirtal på landsmøtet, vil alle dei tre partitoppane representere Oslo og Bærum, skriv NRK.






