Sara Østvik (26) meiner fleire burde finne ein hobby å dyrke. Hobbyen hennar har gitt henne medaljar i både inn- og utland. Vi følgde henne til cosplay-konkurranse under årets Spillexpo.
– Min største fiende er 14 år gamle gutar som trur dei er kulare enn meg.
Det seier Sara Østvik når Framtida treffer henne i leilegheita på Sinsen i Oslo. Ho er lektorstudent og arbeider på fritidsklubb ved sida av studia.
– Nerdekulturen har alltid vore ein ordentleg subkultur som alle synest er weird. Men no er alle gamers, folk speler brettspel, og kidsa har sett One Piece på Netflix! Det har verkeleg blitt enklare å bli akseptert, seier ho.
– Men cosplay trur eg framleis er litt rart. Det trur eg det alltid kjem til å vere, og det skjønar eg.
Var skeptisk
Østvik deltok på sin første con (kort for convention, i dette tilfellet ei cosplay-messe), i Trondheim i 2014. Ho fortel at ho var del av ein «nerdegjeng» på ungdomsskulen, og dei enda opp med å kjøpe kostyme frå serien Attack on Titan.
– Eg var litt skeptisk. Det vi visste om cosplay var det vi hadde sett på Disney-channel: Det var raringane som dreiv med det, seier ho.
Cosplay
• Cosplay er ein hobby som handlar om å kle seg ut som ein karakter frå ein tv-serie, film, teikneserie, eit dataspel, ei bok eller liknande.
• Ordet «cosplay» er sett saman av costume og play.
• Cosplay er del av ein subkultur som inneber å vere kledd i kostymet saman med andre.
• I cosplay-konkurransar ser juryen gjerne både på handverket i kostymet og innleving i karakteren.
Kjelde: Store norske leksikon
Men så viste det seg å vere kjempegøy, og med det tok ho rennefart inn i cosplay-miljøet.
Kunne vore rik
Elleve år seinare har Sara, også kjent som Saharasara, gjort suksess i cosplay-konkurransar i både Noreg og utlandet. Ho har laga kostyme frå mellom anna House of the Dragon, Ringdrotten og Barbie. Kostyma kan koste fleire tusen kroner å lage.
– Eg plar å tulle med at eg hadde vore milliardær om eg ikkje dreiv med cosplay. Løna mi har alltid gått til dette. Men det er lukkepengane mine. Det er dette som gjer meg glad, seier ho.
Det aller kjekkaste er å få noko til. Å klare å lage eit antrekk, ein rekvisitt. Som cosplayar må du vere litt problemløysar: Korleis kan eg få dette til å sjå ekte ut?
Noko av det Sara er mest stolt over, er ein silikonprotese som liknar det blenda auget til Aemond Targaryen frå serien House of the Dragon. I sjølve TV-serien har dei brukt digitale effektar.
– Eg fekk til å lage ein heilt vanvitig ting som ingen andre har gjort! Litt som ekstremsportutøvarar som jagar adrenalin, jagar vi denne suksessen, seier ho.
Sjå dette innlegget på Instagram
Ho er heldig nok til å ha tilgang på både 3D- og resinprintar, laserkuttar og overlock-symaskin på jobben på ungdomsklubben i Bærum.
Ein stor del av cosplay er nettopp handverket.
– Dei fleste startar frå null og berre prøver seg. Nokre gonger kan du spørje nokon du kjenner om hjelp. Men åtte av ti gonger er det på Google og YouTube ein finn svaret, seier ho.
Starta med symaskina
Sara fekk si første symaskin då ho var ti år, etter å ha sett på Symesterskapet. Ho syntest det såg så kjekt ut. Treninga ho fekk med symaskina frå ung alder, var viktig for kva ho klarar å lage no, seier ho.
– Mora mi sa: Kult, eg støttar deg! Eg kan køyre deg til Stoff og stil. Men eg kan ikkje hjelpe deg, så ikkje spør meg om noko, fortel Sara.
Etter kvart som ho kom meir inn i cosplay-miljøet oppdaga ho derimot at dei fleste andre gladeleg hjelper når dei kan. Jo meir tid du brukar i miljøet, jo fleire tips får du, fortel ho.
Sara understrekar at det sosiale er ein stor og viktig del av cosplay.
– Eg vil seie at det er alfa og omega. Det er eit velkjent faktum at miljøet er fullt av folk som har hatt ein litt spesiell oppvekst i form av mobbing, utestenging eller få vener. For mange, inkludert meg sjølv, har cosplay-miljøet hjelpt til å bygge ein opp igjen etter det. Eg trur det er det som får folk til å komme tilbake. Her er likesinna og kule folk, seier ho.
Må tenke kreativt
– Kva gjer du med eit kostyme etter at du har brukt det?
– Nokre veks du ut av. Anten fordi eg ikkje synest det er så pent lenger, eller at eg ikkje bryr meg om fandomen. Men dei fleste nye cosplaya brukar eg igjen og igjen. Eg må det; eg brukar så lang tid på dei, seier ho.
På cosplay-konkurransen under Spillexpo opptrer ho som karakteren May frå spelet It takes two. Sidan spelet er animert, og karakterane er dokker, har det kravd stor innsats å finne ut korleis ein kan få kostymet til å likne mest mogleg. Tjukt garn til genser og hår er bestilt på nett. Sara har laga hanskar i plastikk som liknar tre. Og så vidare. Det tok rundt tre månader å lage heile kostymet. Berre å forstå korleis ho skulle sy buksa, tok tre veker, seier Sara.
– Du er nøydd til å finne på noko kreativt. Dette er eitt av favoritt-kostyma eg har laga. Ein blir veldig glad i alt ein får til, seier ho.
Må vere litt rar
Medan det sosiale utvilsamt er ein viktig del av cosplay, er det likevel handverket som fanga Sara. Kreativiteten og dedikasjonen som trengst. Ho fortel at ho hadde sakna noko å utfalde seg i.
– Når du driv med cosplay, må du takle å vere litt rar. Du må legge inn ganske mykje tid og arbeid for å lage kule ting frå botnen. Det er ein dedikasjon blant folka i miljøet som gjer at dei er veldig spennande og gøy å vere rundt. Det blir ein ja-kultur, seier ho.
Ho trur ein grunn til at cosplay framleis vert sett på som ein litt rar hobby, er at det å kle seg ut og spele ulike karakterar, vert kopla til barndom. Som vaksen skal ein vere oppteken av karriere og born og prioritere annleis. Det å pleie ein hobby vert sett litt ned på, meiner ho.
– Og så trur eg at viss du ikkje heilt har funne din plass i verda, ikkje har funne noko som gir deg mykje glede, så er det litt fælt å sjå nokon som verkeleg har funne det dei elskar og er lidenskapleg oppteken av. Nokre gonger kan det føre til litt sjalusi, seier ho.
Ho meiner at alle treng ein hobby dei kan pleie.
– Eg trur det er viktig for å ikkje berre forsvinne, ikkje berre bli ein grå blobb. Du må ha noko som utfordrar deg eller som du kan jobbe med, eller som skapar ein sosial arena. Og det kan vere fotball, altså, det treng ikkje vere cosplay.
Til Sverige og Frankrike
I 2019 tok Sara førsteplass i Banzaicon, det næraste vi har eit NM i cosplay. Vinnaren der får delta i Nordic Cosplay Championship i Sverige, men på grunn av korona fekk ikkje Sara dratt til NCC før 2022.
– Når du kjem dit, er det sånn – Å ja! Dette er det folk kan få til, seier Sara.
I fjor deltok ho dessutan i European Cosplay Cup i Frankrike. Der vart ho kåra til beste kostyme, nettopp med May frå It Takes Two.
– Å delta internasjonalt er det kulaste i verda. Du møter mange folk frå ulike land som er akkurat som deg. Ein deler mange erfaringar frå eigne miljø, før ein går over til å snakke om den nyaste sesongen av House of the Dragon eller kva som helst. Det kjenst som å vere med i OL. Alle er så gira! Og heile miljøet er så støttande. Det er ikkje mykje kniving, seier ho.
Mykje kniving var det heller ikkje i gangane då Spillexpo gjekk av stabelen i Lillestrøm tidlegare i november.
Nervar er bra
I underkant av 150 deltakarar er påmelde cosplay-konkurranse i kategoriane casual, master og folkehøgskule når Framtida vitjar Spillexpo.
Sara seier i forkant at det hadde vore sjukt nice å vinne pengepremien, men ho har ikkje spesielle forventingar eller forhåpningar.
– Det er så mange som deltek som lagar heilt sjuke ting. Så eg trur ikkje nødvendigvis det blir plassering på meg, seier ho audmjukt.
Bak scena vedgår Sara likevel at nervane kjem krypande.
– Det er litt fælt akkurat rett før. Eg klarar ikkje å ikkje vere nervøs. Men eg trur det er bra for å prestere ordentleg, seier ho.
Frå scena er alt nesten heilt svart. Det sterke scenelyse blendar deg, så du ser i beste fall publikum på fremste rad. Men du høyrer lyden frå salen. Jubel, hoiing og gisp. Du kjenner energien frå både vener og kjende og heilt framande som heiar deg fram.
Så fort du går av scena, er det som om dei to siste minutta ikkje har skjedd. Kor har eg vore?
Sikta på bronse
Når juryen trer opp på scena for å rope opp vinnarane, byrjar dei med tredjeplassen. Det er denne plasseringa Sara har sett seg ut. Om dei ropar namnet hennar no, vil ho vere nøgd.
– Det var ekstremt tett mellom deltakarane. Tredjeplassen går til Potettrollmann! seier juryen.
Ja ja, tenker Sara. Då vart det ikkje meg i år.
Applausen fell til ro og juryen ropar opp andreplassen:
– Gi ein varm applaus til Oni Cosplayer!
Sara gliser og klappar. Ho er glad for venene sine som hamnar på pallen.
Og så skal juryen rope opp vinnaren:
– Dette kostymet hadde vi eigentleg ingenting å utsette på, høyrer Sara frå scena.
– Det var mange kreative løysingar og plettfri utføring, enorm variasjon i teknikk, og det er som om karakteren har kome rett ut av spelet og inn i vår verd.
– Vinnaren av førsteplassen i master league er Saharasara!
Éi vaksen prioritering
Det er ei begeistra Sara vi møter bak scena etter utdelinga.
– Det kjenst heilt vilt bra! Eg hadde ikkje venta det i det heile. Etter å ha jobba så mykje med cosplayet, og det å føle at det er nokon som ser det, og ser kva arbeid ein har gjort – det kjenst veldig bra. Du føler deg sett! seier ho.
Og kva skal ho bruke pengepremien på 10 000 kroner på?
– Det høyrest så vakse ut, men eg trur eg må ha nye vinterdekk!















