Minst 128 personar er døde etter ein storbrann i Hongkong onsdag. Ifølge BBC er det fredag morgon 79 skadde og fleire titals sakna etter brannen.
Det skal ifølge politiet ha starta å brenne i isopor som blei brukt til isolasjon av vindauge i eit bustadkompleks i Tai Po-distriktet nord i Hongkong. Brannen spreidde seg raskt på grunn av bambusstillas rundt bygningane. Brannvarslarane skal heller ikkje ha fungert ordentleg.
Brannen blir omtalt som den mest dødelege i Hongkong sidan den andre verdskrigen.
1250 brannfolk arbeidde med å sløkke brannen i bustadkomplekset i Hongkong. | Foto: AP Photo/Chan Long Hei
To soldatar skotne i D.C.
Onsdag vart to soldatar i den amerikanske nasjonalgarden skotne i nærleiken av Det kvite huset i Washington D.C Ein av soldatane er død og den andre kritisk skadd, opplyser president Donald Trump.
Ein 29 år gamal afghansk mann er pågripen etter åtaket. CIA-direktør John Ratcliffe uttalar til Fox News at den mistenkte jobba saman med amerikanske styrkar i Afghanistan, mellom anna for CIA. Ifølge Trump er skyttaren hardt skadd etter hendinga.
FBI-direktør Kash Patel seier torsdag at han blir etterforska for terror, skriv Dagbladet. Trump ber om 500 fleire soldatar til hovudstaden.
Dag Bærvahr i UDI seier til NRK at dei til no har kalla tilbake løyvet til i underkant av 20 personar. Dei har rundt 30 andre saker til behandling.
Personane skal ha sagt at dei flykta frå militærteneste i Eritrea då dei søkte om asyl, og at dei frykta forfølging i heimlandet, men ifølge UDI har dei aktivt støtta regimet frå Noreg.
Bærvahr seier det er første gongen regimevenlegheit er hovudårsaka til at norske statsborgarar får varsel av UDI om tilbakekalling av statsborgarskap. Dei fleste har klaga til Utlendingsnemnda, og klagesakene skal behandlast på nyåret.
UDI vil ta statsborgarskapet frå flyktningar, fordi dei meiner dei støttar regimet dei sa dei flykta frå. | Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen / NTB
Storbritannia stansar leiting etter ny olje og gass
Statsminister Keir Starmer lova under valkampen i fjor at dei ville stanse all leiting etter ny olje og gass i Nordsjøen, skriv NRK.
Så langt går ikkje regjeringa i forslaget til statsbudsjett for 2026. Dei vil framleis tillate ny produksjon i eller nær eksisterande felt under visse vilkår.
Den britiske regjeringa held fram med høge skattar på oljeverksemda, og vil bruke pengane på satsing på fornybar energi og grøne arbeidsplassar.
Statsminister i Storbritannia Keir Starmer. | Foto: Jaimi Joy/Pool Photo via AP
Kidnappingbølge i Nigeria
Ifølge FN har minst 402 personar blitt kidnappa i den nord-sentrale delen av Nigeria sidan 17. november. Dei fleste av desse er skulebarn. Tysdag skreiv FN at berre 88 av dei har blitt sett fri eller har greidd å rømme.
Nigerias president Bola Tinubu erklærte onsdag nasjonal unntakstilstand som følge av kidnappingsbølga i landet.
– Dette er ei nasjonal krise, og vi svarar ved å setje inn fleire soldatar på bakken, spesielt i område med sikkerheitsutfordringar, sa Tinubu i ei uttale, ifølge NRK.
Ifølge nyheitsbyrået AP er det ingen som har tatt på seg ansvaret for kidnappinga av over 300 barn førre fredag.
Politi og myndigheitspersonar går forbi St. Mary's Catholic Primary and Secondary School, der væpna menn fredag kidnappa over 300 barn. | Foto: AP Photo/Yunusa Umar
Lyspunkt: Nordmenn et meir grønsaker
Ein ny rapport frå Helsedirektoratet syner at nordmenn et meir grønsaker. Dei slår fast at det ser noko lysare ut for det norske kosthaldet enn tidlegare år.
I 2024 åt vi 77,7 kilo grønsaker per person. Samanlikna med året før, er det om lag 5,6 kilo meir grønsaker i året per person, skriv NRK.
– Å ete meir grønsaker, saman med meir frukt, bær og grove kornprodukt, er noko av det viktigaste ein kan gjere for å ha eit sunt kosthald, uttalar helsedirektør Cathrine M. Lofthus.
Forbruket av raudt kjøt er òg det lågaste på 25 år.
Nordmenn et meir grønsaker. | Illustrasjonsfoto: Amanda Pedersen Giske / NTB
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.