Christy: – Ein frisk cocktail av humor og alvor

Filmen byr på hardbarka hjartevarme frå Cork.

Jenny Lund
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

For meg er ei god oppvekstskildring ikkje berre relevant for unge og mållause, sjølv om eg reknar meg sjølv i den kategorien. Dei beste av desse forteljingane maktar å gje noko til sjåaren uavhengig av deira eigen posisjon og skapar perspektiv som gir gjenklang. Christy er ein film av dette slaget: Ein frisk cocktail av humor og alvor som tek sosiale utfordringar på strak arm.

Christy

Nasjonalitet/språk: Irland, engelsk

Regi: Brendan Canty

Noregspremiere: 21.11.2025

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Drama

Speletid: 1t 34m

 

Frå fosterheim til familiegjenforeining

Då Christy (Danny Power) blir kasta ut av fosterfamilien han bur hos, er det berre den eldre halvbroren Shane (Diarmuid Noyes) som står igjen for å hjelpe. Han og sambuaren Stacey (Emma Willis) har den vesle dottera Charlie å ta vare på, og Shane er ikkje så begeistra for å ta eit problembarn under vengene. Heldigvis for han kjem attenårsdagen til Christy stadig nærmare. Før den tid kan kanskje saksbehandlaren deira finne ein anna heim, også.

For Christy er det derimot inga trøyst: Han har fått nok, og å vere eitt år eldre kjem ikkje magisk til å endre det. Utan mål eller motivasjon vandrar han gjennom dei slitne gatene i Cork, der han vaks opp. Med sanden på veg ut av timeglaset må han velje korleis han skal bruke tida han har igjen, men blir overraska over kor mykje liv og kjærleik som finst i den elles harde byen.

 

Dette er ikkje eit drama om liv og daud, men ei sitrande utforsking av karakterrelasjonar. Med utgangspunkt i ein vanskeleg familiesituasjon i eit arbeidarklassesamfunn byr filmen på ei tankevekkjande skildring av nokre av problema som kjem med fostersystemet. Samstundes er han langt ifrå å vere ein «eisaksfilm»: Tematikken breier seg stadig vidare i eit sprell levande univers, proppa med humor og varme.

Brorskap på prøve

Christy fangar påfallande godt kjensla av å vere fanga mellom barndom og å vere vaksen, augeblikket der ein plutseleg skal kunne greie seg sjølv, men ikkje kan det. Ingen stadar er det klarare enn i forholdet mellom dei to brørne.

 

Veslebror Christy har ein tendens til å ta dei verste vala for seg sjølv. Det leier rett inn i Shane sin uvane med å reagere på ein måte som gjer vondt verre. Då er det godt med snille naboar, avslappa medarbeidarar og ikkje minst Stacey.

Shane sin måte å beskytte broren på er hard og kald, men etter kvart som ein blir betre kjent med han, er det lett å forstå kvifor han er blitt sånn. Brørne si familiehistorie luskar i bakgrunnen og kjem fram i små drypp, og for kvart av dei forstår ein dei to betre.

Sympati og humor

Filmen sitt blikk er forfriskande sympatisk, med stort hjarte for karakterane. Sjølv dei som i første omgang verkar som enkle tropar har ofte meir under overflata. Samtidig er han gjennomgåande morosam, og det eksentriske karaktergalleriet er ein stor del av det. Cork er eit skattkammer av snåle typar. Også sjølve byen er full av nedsliten sjarm, godt fanga opp av filmfotograf Colm Hogan.

Trioen med yngre ungar er mitt personlege høgdepunkt, eit rappkjefta og frekt knippe slynglar som likevel veit å ta vare på andre. Til mi store glede fann eg også ut at dei er del av rapgruppa Kabin Crew; talent som dei også får vist fram i filmen. Strøym «The Spark», folkens.

I det heile er Christy ei nydeleg balansert, samansett forteljing om brorskap, fellesskap og det å bli vaksen, sjølv under vanskelege forhold.

Det dystre blir ikkje feia under teppet, men også i dei mørke krokane er det ljosstrålar å finne. Det kan ein ha godt av å hugse, uansett kven ein er.

Terningkast: 5