Viss du ynskjer å forstå influensarane og kva dei betyr for samtida, bør du lesa Carline Tromp si nyaste bok.

Magnus Rotevatn
Publisert

Carline Tromp si bok Forført: Den ufiltrerte historien om hvordan influenserne fikk verden til å klikke er augeopnande. Gong på gong, medan eg las boka, innser eg at det utruleg mykje eg ikkje veit om influensarbransjen.

Både menneska og teknologien bak denne industrien får stadig meir makt. Det er difor på høg tid å skaffa seg ei slags oversikt over kva som skjer og korleis det påverkar oss.

 

Forført: Den ufiltrerte historien om hvordan influenserne fikk verden til å klikke

Forfattar: Carline Tromp

Forlag: Forlaget Manifest

Utgjeve: Hausten 2025

Sjanger: Sakprosa

Tromp er journalist og ifylgje forlaget «et menneske med for mye skjermtid». Ho er dimed ein utmerkt guide.

Står støtt på eigne bein

Forført er ei bok som sprikar i to retningar. Delvis er ho ei journalistisk skildring av den norske influensarbransjen. Tromp har snakka med ulike kjelder og vore til stades på bransjearrangement. Dette gjev ho eit godt grunnlag for å teikna eit kart over influensar-Noreg.

I tillegg har boka klare teoretiske ambisjonar. Tromp brukar mange ord på å drøfta både akademisk og ikkje-akademisk litteratur relatert til influensarar og sosiale medium.

Dei reint journalistiske delane av boka funkar klart best. Samandraga av kva andre folk har skrive er ganske keisame.

Som dei fleste gode forfattarar er Tromp eit lesande menneske, og det er openbert at ho har gjort grundig research ved skrivebordet. Men det finst grenser for kor spennande det kan bli med attforteljingar av andre sine bøker.

Forført: Den ufiltrerte historien om hvordan influenserne fikk verden til å klikke
Bokomslag: Forlaget Manifest

Tankane som Tromp syg frå eige bryst står støtt på eigne bein. Analysane hennar er treffande og interessante. Eg skulle difor ynskja at ho i endå større grad førte ordet sjølv.

Gjev oversikt

Det er når Tromp legg vekk bøkene og går ut i den verkelege verda at boka blir interessant lesnad.

Sidan feed-ane våre er heilt unike, så er influensarverda ganske uoversiktleg. Mine kjendisar er ikkje dei same som dine. I boka dukka det opp mange namn som var heilt ukjende for meg, men som tydelegvis er fast inventar på mobilskjermen til tusenvis av nordmenn.

Tromp listar heldigvis ikkje opp alle små og store influensar som finst i Noreg. Ho klarar likevel både å rissa opp eit større bilete og skildra nokre av dei gøymde krokane på internett.

Resultatet av dette er at lesaren veit meir om korleis samtida kan sjå ut for andre.

Blir klokare

Aller viktigast er det at boka gjev innsikt i korleis sjølve maskineriet funkar.

Boka forklarar heilt grunnleggjande ting om influensarbransjen i Noreg som alle bør veta. Mykje av dette har vore ukjend, i alle fall for meg.

Korleis tener ein influensar pengar? Kven har makt i bransjen? Kva skjer eigentleg bak fasaden?

Desse spørsmåla blir du klokare på om du les Forført. Boka er rett og slett avslørande.

Kvalitetesteikn

Forført er ei bok som ikkje heilt har funne forma. Teksten veit ikkje heilt kor han skal, og fleire parti er like fort gløymde som dei er lesne.

Likevel er eg ikkje i tvil om at denne boka er tilrådd. Eg forstår samtida litt betre etter å ha lese ho. Eit sikrare kvalitetsteikn finst ikkje på sakprosabøker.