Stoltenberg om statsbudsjettet: – Det blir heilt sikkert krevjande forhandlingar
Eit viktig dokument for å tryggje landet i ei utrygg tid, seier finansminister Jens Stoltenberg (Ap) om neste års statsbudsjett.

– Det handlar om å tryggje økonomien og om å tryggje fellesskapen vår i ei verd som er usikker, sa Stoltenberg då han onsdag morgon var på veg til Stortinget med neste års statsbudsjett i handa.
Nøkkeltala frå årets statsbudsjett viser at regjeringa legg opp til å bruke 579 milliardar kroner av oljefondet. Det tilsvarar 2,8 prosent av fondets verdi, og er difor innafor handlingsregelen på 3 prosent.
Økonomiprofessor Ola Grytten ved NHH åtvarar om at oljepengebruken truleg vert høgare etter at samarbeidspartia til regjeringa har sagt sitt, og at den høge pengebruken vil kunne påverke inflasjonen og renta negativt.
Korleis budsjettet kjem til å påverke renta, ville ikkje Stoltenberg gå inn på.
– Noregs Bank set renta, understreka han, men la til at regjeringa og Stortinget har eit ansvar for å vedta ein budsjettpolitikk som legg til rette for framleis nedgang i prisstiginga.

Statsbudsjettet er viktig på mange måtar og kan bidra til å endre kvardagen til folk, understreka finansminister Jens Stoltenberg då han onsdag morgon var på veg til Stortinget med neste års statsbudsjett i handa. Foto: Lise Åserud / NTB / NPK
Krevjande forhandlingar
– Dette er forslaget vårt til korleis Noreg best kan styrast, og så er vi klare over at vi er ei mindretalsregjering som må forhandle med andre parti, og eg har god tru på at det skal føre fram, sa Stoltenberg.
Ap-regjeringa er avhengig av å få med seg Sp, SV, Raudt og MDG for å få fleirtal for neste års statsbudsjett.
– Det blir heilt sikkert krevjande forhandlingar og vanskelege spørsmål, sa Stoltenberg.
– Vi skal lytte til forhandlingspartnarane våre. Sjølv om det er ulike parti, så har vi eit felles ønske om eit Noreg prega av meir fellesskap og meir rettferd. Derfor er det også så viktig at vi kjem i hamn, sa han.
Viktig for kvardagen til folk
Statsbudsjettet er viktig på mange måtar og kan bidra til å endre kvardagen til folk, understreka Stoltenberg.
– Det er avgjerande for korleis det går med prisstiginga, med sysselsetjinga og med satsinga på viktige ting som helse, kommune og forsvar – dette er viktige ting for kvardagen til folk på ulike måtar, sa han.
– Det viktigaste er å halde orden i økonomien slik at arbeidsløysa framleis er låg, og slik at vi framleis kan føre prisstiginga ned, slik at lønningane framleis kan vekse meir enn prisane og at folk får betre råd, sa Stoltenberg.