Regjeringa føreslår tre tiltak mot ungdomskriminalitet

Etter ein kraftig auke i såkalla valdsoppdrag, der unge tek på seg å utføre vald på vegner av andre, har regjeringa fleire tiltak klare.

NPK-NTB
Publisert

Kripos har nyleg åtvara om at kriminelle rekrutterer barn og unge til å utføre vald og alvorleg kriminalitet. Etter granat-episoden i Oslo og skytinga i Sarpsborg førre veke, er åtte gutar hanka inn eller pågripne, skriv VG.

På spørsmål frå avisa har Justisdepartementet samanfatta ei oversikt over pågåande lovforslag og tiltak mot trenden.

Regjeringa foreslår å gjere det straffbart å rekruttere mindreårige til lovbrot. Strafferamma er foreslått til tre års fengsel, og meir dersom barnet er under den kriminelle lågalderen på 15 år.

Tiltaka:

  • Gjere det straffbart å rekruttere mindreårige til lovbrot.
  • La politiet få utlevert Ip-adresser for å førebyggje alvorleg kriminalitet.
  • La barnevernsinstitusjonar opne meldingane til barna.

Vidare ønskjer dei at politiet kan få utlevert Ip-adresser for å førebyggje alvorleg kriminalitet, ikkje berre ved etterforsking som er tilfellet i dag.

Til slutt vil dei la barnevernsinstitusjonar opne korrespondansen til barn, til dømes ved å sjå på meldingar på mobilane til barna. Dette er forbode i dag.

Dei mest aktive ungdomskriminelle i Oslo er gutar med minoritetsbakgrunn som sjølv har vore utsette for vald, ifølgje politimeister Ida Melbo Øystese.