Bokmelding: 11 gode grunner til å våkne opp – Oppramsing av talepunkt

Simen Velle leverer eit slapt og overflatisk forsvar for sin eigen politikk. TikTok-retorikk funkar ikkje i bokform.

Magnus Rotevatn
Publisert

Simen Velle, FpU-leiar og nyslått stortingsmann, har gjeve ut si fyrste bok. Ho heiter 11 gode grunner til å våkne opp.

Boka består av 11 korte kapittel der Velle «rantar» om ulike tema. Kvart kapittel har i tillegg eit kjøleskåpsmagnet-aktig råd med livsvisdom frå FpU-leiaren.

Boka har ikkje mykje substans. Inntrykket mitt er at Velle ikkje har investert nok tid og krefter i prosjektet.

 

11 gode grunner til å våkne opp

Forfattar: Simen Velle

Forlag: Aschehoug

Utgjeve: September 2025

Sjanger: Sakprosa

Oppramsing av talepunkt

Både meiningane og tonen er lett å kjenna igjen. Simen Velle er lik seg sjølv.

Retorikken er sjølvsikker, og velformulerte synspunkt kjem på rekkje og rad. Velle brukar ikkje mange ord på å formidla kva merkevara FrP står for.

På TikTok eller i ein skuledebatt med lite taletid, funkar dette glimrande. Men i bokform fell denne stilen på steingrunn.

Når Velle skal fylla ei heil bok, blir det dessverre veldig tydeleg at argumenta hans ikkje er særleg velutvikla. Han hoppar lynkvikt frå det eine synspunktet til det andre, utan å ta seg bryet med å forklara kvifor ein bør vera samd med han.

Det blir altså berre ei oppramsing av talepunkt, noko som er utmattande. Eg blei andpusten av dei stadige taktskifta.

Attpåtil er boka skriven i ein munnleg stil som er vrien å lesa. Målet er kanskje eit språk som unge lesarar kjenner att, men resultatet er mange bisetningar som skapar støy i teksten.

Tendensiøs

Velle argumenterer i boka særs dårleg for synspunkta sine. Han slenger mellom anna ut påstandar utan å ha dekning for dei.

Til dømes meiner Velle at det «er omtrent bare i Norge vi har en snever idé om at den eneste måten å drive for eksempel idrett og kultur på, er at staten betaler». Dette er jo ikkje sant! Offentleg finansiert kultur er vanleg i bortimot heile Europa. Noreg skil seg ikkje ut.

Velle skriv også at «forskning forteller at hardere staffer fungerer allmennpreventivt» utan å klargjera kva forsking det er snakk om. Kunnskapen er nok ikkje så eintydig og solid som Velle gjev inntrykk av. Store norske leksikon fortel at den preventive effekten av straff «er lite utforsket».

Denne typen tendensiøse framstillingar av røyndomen gjennomsyrer boka. Velle er ikkje særleg etterretteleg.

Det er absolutt mogleg å argumentera godt for både kutt i kulturbudsjettet og strengare straffer – noko partiprogrammet til FrP viser – men premissane må i det minste vera haldbare. Mange lesarar vil oppdaga lett at Velle ofte står på sviktande grunn.

Flautt

Boka er heller ikkje særleg rettferdig mot kritikarane av Simen Velle. Motstandarane hans blir presenterte i svakast mogleg form, gjerne som stråmenn. Velle refererer stort sett ikkje til faktiske personar eller parti, men til «noen» eller «mange».

Det er ikkje særleg imponerande å vinna over så lett motstand.

Velle skriv til dømes at han ikkje aner korleis partia som vil kutta oljeproduksjonen har tenkt å finna inndekning for dei tapte inntektene. Det er jo ikkje sånn at oljemotstandarar manglar økonomisk politikk (om han er god eller dårleg er ei anna sak). At ein stortingsrepresentant viser så lite interesse for dei andre partia sin politikk er ganske flautt.

Viss ein har litt kunnskap norsk politikk, så ser ein at Velle sjeldan svarar ut dei openberre motargumenta. Dimed blir han sjølv lite overtydande.

Overflatisk

Uansett om ein er samd med Simen Velle eller ikkje, så hadde det vore interessant å lesa eit godt forsvar for politikken hans. Det leverer ikkje denne boka.

Velle gjer ein altfor overflatisk og lettvint jobb.

Det er særleg synd fordi FpU-leiaren når ei målgruppe som ofte blir neglisjert og misforstått av andre politikarar. Desse hadde fortent ei betre bok.