Raftoprisen til hjelpeorganisasjon i Sudan
Tusenvis av frivillige i Emergency Response Rooms i Sudan (ERR) blir heidra med årets Raftopris.

Organisasjonen får prisen for «deira modige arbeid for å bevare den mest grunnleggande menneskeretten – retten til liv», heiter det i grunngjevinga.
Emergency Response Rooms i Sudan (ERR) er eit grasrotnettverk som oppstod etter at krigen mellom Sudanese Armed Forces (SAF) og Rapid Support Forces (RSF) braut ut i april 2023.
Raftostiftinga understrekar at dei frivillige i ERR set sine eigne liv i fare ved å hjelpe andre.
Raftoprisen
Professor Thorolf Raftos minnepris for menneskerettar, Raftoprisen, har blitt tildelt årleg sidan 1987.
Prisen blir delt ut til personar eller organisasjonar som arbeider for å fremje menneskerettane.
Raftoprisen blir delt ut i november i Bergen kvart år. Prismottakarane får ein diplom og ein sjekk på 20 000 USD (om lag 200 000 kroner).
Kjelde: rafto.no
● Les også: Kva skjer i Sudan?
Enormt behov for hjelp
Ifølgje Raftostiftinga har over 150 000 menneske mista livet etter at krigen i Sudan braut ut. 30 millionar menneske, meir enn halvparten av landets befolkning, har behov for humanitær hjelp.
25 millionar står overfor akutt matusikkerheit og 12 millionar har flykta frå heimane sine.
FN omtala i juni Sudan som verdas verste humanitære krise, og slo alarm om svært høg risiko for folkemord.
Frivillige
I eit desperat forsøk på å redde liv etter at den sudanske staten kollapsa, tok vanlege sudanarar saka i eigne hender og danna sjølvhjelpsgrupper, skriv Raftoprisen.
ERR består av tusenvis av frivillige gjennom lokalt forankra initiativ. Dei leverer tenester som helsehjelp, mat- og vassforsyning, transport av døde og gravferder.
Nettverka arbeider òg med å dokumentere og følgje opp seksualisert vald. Ifølgje Raftoprisen er kvinner og barn uforholdsmessig hardt råka av krigen.
«I denne kritiske situasjonen fortset ERR-frivillige å yte livreddande gjensidig hjelp, styrke lokalsamfunn og halde håpet om eit demokratisk Sudan levande under nesten umoglege forhold» skriv Raftostiftinga i pressemeldinga.
Gløymde kriser

Dagleg leiar i Raftostiftinga Jostein Hole Kobbeltvedt. Pressefoto Raftostiftinga
På ein pressekonferanse i samband med prisen, fekk leiar i Raftostiftinga Jostein Hole Kobbeltvedt spørsmål om det å gi prisen til ein sudansk organisasjon blir rekna som eit tryggare val i ei stadig meir polarisert verd.
Han svarar ifølgje NRK at dei i lang tid har vore opptatt av krigen i Ukraina og situasjonen for palestinarar, og at dei for to år sidan gav vi prisen til palestinske Defense for Children International – Palestine. Det var før Hamas-åtaket 7. oktober.
– Vi er altså opptatt av å vise der kameraa ikkje når. For tida er Sudan ein av dei krigane som verkeleg ikkje får den merksemda som trengst, også for å skape det nødvendige presset på partane for å få til ei fredeleg løysing, seier Kobbeltvedt ifølgje NRK.