– Eg er overtydd om at «The Summer Hikaru Died» kjem til å bli ståande som ein klassikar, skriv Framtida.no sin meldar.

Rakeb Berhanu Erana
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen. Meldinga er basert på første episode av serien.

Når vi ser tilbake på dei siste 30 åra, har popkulturen vore rik på manga- og animeseriar med skeive hovudkarakterar som er meir enn seksualiteten sin. Dei har vore komplekse, minneverdige og banebrytande.

I 2017 fekk vi Yuri!!! on Ice, eit verk som fekk globalt gjennomslag. Allereie på 90-talet sette Revolutionary Girl Utena ein ny standard, og i 2021 kom Otherside Picnic og viste at skeiv representasjon berre blir sterkare.

«The Summer Hikaru Died»

Nasjonalitet/språk: Japansk

Serieskaparar: Ryōhei Takeshita

Noregspremiere: 5. juli 2025

Plattform: Netflix

Aldersgrense: 13 år

Sjanger: skrekk, slice of life

Episodar: 12

Episodelengd: 22 minutt

 

Men ein serie som verkeleg skapte bølgjer då han kom ut i 2021, var mangaen The Summer Hikaru Died, skriven av Mokumokuren. Han blei møtt med enorm entusiasme – og med god grunn.

Ein ny klassikar

No har Netflix saman med animasjonsstudioet CygamesPictures gjort han om til animeserie, og eg er overtydd om at The Summer Hikaru Died kjem til å bli ståande som ein klassikar, på linje med dei store namna eg har nemnt.

På ein varm sumardag får me vita at tenåringen Hikaru har døydd, og eit vesen har teke over plassen hans. Det kan etterlikna både utsjånaden og minna hans. Når bestevennen Yoshiki finn ut av dette, må han handsama at den Hikaru han kjende er vekk for godt. Samstundes må han finna ut av korleis forholdet deira skal fungera i desse omstenda.

Har putta sjela si i kvart bilete

Animeserien er skriven og regissert av Ryōhei Takeshita, og lydbiletet er laga av Taro Umebayashi. Begge gjer eksepsjonelt arbeid i å omsetja den nifse atmosfæren frå mangaen til serieformat. Dessutan har me dei erfarne stemmeskodespelarane Chiaki Kobayashi og Shûichirô Umeda som stemmene bak hovudkarakterane. Ein kan verkeleg kjenna tenåringsangsten og skrekken i stemmene deira.

Først og fremst må eg gje gigantisk ros til animatørane hjå CygamesPictures som putta sjela si i kvart bilete av serien. Animasjonen er ikkje noko mindre enn perfekt. Animatørane har ikkje berre klart å transportera heilskapen av mangaen i serieformat, dei har også brukt fordelar som kjem med filmatisering til å gjere verket meir livleg. Den vesle bygda handlinga tek føre seg er fylt med levande natur, menneske og dyr som kryr i bakgrunnen.

Noko eg likte veldig godt er kor mykje serieskaparane legg i å animera alt som skjer i bakgrunnen. Ein blir meir festa på skjermen når verda i animeserien kjennest levd inn, der til og med edderkoppar bak karakterane og tomme medisinkapslar blir animert i detalj. På toppen av dette, er kvar karakter teikna unikt, ikkje berre ved å variera på hårfargen deira, men ved å gje dei forskjellige fysiske karaktertrekk som posar under auga, frekner og klede.

Vekkjer ei ubehageleg kjensle

Animatørane har også vore meisterlege når det kjem til fargebruk. For å vera ei skrekkforteljing, inneheld animeserien mange sterke og lyse fargar – fargar ein vanlegvis ikkje assosierer med skrekk og gru, men det fungerer. Det er noko med fargebruken i animeserien som vekkjer ei ubehageleg kjensle i ein, spesielt i samanheng med dei skrekkelege skapningane ein møter.

The Summer Hikaru Died strålar ikkje berre på dei tekniske aspekta, sjølve handlinga og korleis ho blir fortald er spektakulær. Noko verd å merka seg er at handlinga avheng ikkje berre av monologar og dialogar for vidareutvikling, mykje av ho blir fortald gjennom bileta og lyden.

Kvart blikk hovudkarakterane deler fortel noko om forholdet deira, kvart ord som ikkje blir sagt gjev oss innblikk i kva som eigentleg hender. Menneska er ikkje dei einaste som driv handlinga framover, dei langsame bileta av skulen deira, sykkelvegen heim att og skogen der alt endra seg fortel like mykje om kva som føregår.

Per no, er det berre éin episode av The Summer Hikaru Died, men denne eine episoden sit lenger enn lengda av sjølve episoden. Og slik blir ein fanga av han. The Summer Hikaru Died starta med eit pang, og eg tviler ikkje på at kommande episodar skal vera på same nivå, eller betre.