Bokmelding: Sytten, snart atten – medrivande

Andrea Rudland Haave har lukkast med debutboka si. Sytten, snart atten er eit godt døme på kva ei ungdomsbok skal vera.

Magnus Rotevatn
Publisert

Å veta kva ein bør gjera med livet er ikkje enkelt, særleg når ein enno er ungdom. Det kjem tydeleg fram i Sytten, snart atten, som er debutboka til Andrea Rudland Haave.

Her møter me Mia. Ho har flytta til Oslo for å gå på vidaregåande – men det går ikkje heilt etter planen. Mia finn seg ikkje til rette, og endar opp med å droppa ut.

Sytten, snart atten

Forfattar: Andrea Rudland Haave

Forlag: Samlaget

Utgjeve: 2025

Sjanger: Ungdomsroman

No manglar ho ei retning i livet.

Så møter ho ein mann. Han er ganske mykje eldre, har fast jobb, eiga leilegheit og verkar å ha alt på stell. Mia flyttar inn.

Framifrå skildring av hovudpersonen

Dette er draumemannen, trur Mia. I byrjinga er alt perfekt. Men er denne kjærasten eigentleg bra for ho? Bestevenninna Karla tvilar. Og det skal visa seg at kjærasten lyg og har eit farleg temperament.

Det er vanskeleg å ikkje få omsut for Mia. Ho rotar ting til for seg sjølv, men det er aldri tvil om at ho har eit godt hjarte. Portrettet av Mia er rett og slett framifrå utført.

Skildringa av ho er mykje av grunnen til at Sytten, snart atten har blitt ei særs vellukka bok.

Effektiv forteljarkunst

Haave skriv utruleg godt – så bra at ho får det til å verka ganske lett å komponera ein roman. Ho teiknar opp scenene i boka på det enklaste vis – og med enkle ord. Her er det ikkje naudsynt med lange utbroderingar for å skjula eit dårleg plot. Dette er effektiv forteljarkunst!

Det er lett å lesa. Alle daudpunkt er raka ut av teksten. Boka har heile vegen eit godt driv, og det er med andre ord vanskeleg å kjeda seg.

Lågmælt

Eit sentralt tema i boka er vald i nære relasjonar. Ja, Mia burde nok ikkje ha flytta inn hjå kjærasten så fort.

Etter at nett denne tematikken har prega nyhenda mykje det siste året, så verkar Sytten, snart atten ganske lågmælt. Det Mia blir utsett for er absolutt fælt, men Haave brukar mykje mindre fakter enn nettavisene. Det er eit klokt val.

Boka får fram kor kvardagsleg og subtilt vald kan vera. At ein kan tvila på kva ein sjølv har blitt utsett for. Valdsutøvarar kan verka heilt vanlege – til og med kjærlege.

Føreseieleg

Når alt kjem til alt, så er det grenser for kor imponert eg klarar å bli av Sytten, snart atten. Boka er temmeleg enkel.

Til dømes så er spenningskurva ganske jamn og føreseieleg. Og blant persongalleriet er det berre Mia som kjennest ekte. Dei andre karakterane er flate og sparsamt skildra. Eg skulle særleg ynskja at me kom tettare på kjærasten.

Men kor mykje skal ein eigentleg syta? Boka var trass alt medrivande frå fyrste til siste side. Eg les gjerne Haave si neste bok.