Spermageddon: – Augeblikk der eg lurar på kven dette er for

Meldar Jenny Lund lærer om korleis barn blir til, diskuterer aldersgrenser og gler seg over å vere barnsleg.

Jenny Lund
Publisert
Oppdatert 04.03.2025 13:03

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

Eg er over gjennomsnittet interessert i animasjon, som nok er grunnen til at Spermageddon har vore på radaren min sidan han berre eksisterte offentleg som ei bildelaus infoside på nettsida til animasjonsstudioet Qvisten.

Det er derfor ikkje utan forventningar at eg sette meg inn i kinosalen for oppleve den episke forteljinga om livets begynning. Var det verdt ventetida?

Spermageddon

Nasjonalitet: Noreg

Regi: Tommy Wirkola, Rasmus A. Sivertsen

Noregspremiere: 28.02.2025

Aldersgrense: 12 år

Sjanger: Animasjon, komedie

Speletid: 1t 20m

 

I testiklane til Jens (Christian Mikkelsen) finst det eit sprudlande samfunn sædceller. Blant dei er Simen (Aksel Hennie), ein nerdete fyr som helst ikkje vil forlate den komfortable pungen, og Cumilla (Mathilde Storm), som ikkje vil anna enn å kome seg vekk. Simen trur likevel ikkje at han har noko å bekymre seg for med det første, då Jens ikkje har debutert seksuelt. Det endrar seg då han drar på hyttetur og finn tonen med venninna Lisa (Nasrin Khusrawi), som han har eit godt auge til.

Snart er sædcellene i kamp mot klokka, prevensjonsmiddel og den sleske, farlege Jizzmo (Christian Rubeck), i håp om å vere den første som når eggcella.

Spermageddon har begynt.

Klissete kontrovers

Allereie før ordinær kinopremiere har Spermageddon rekt å tiltrekke seg ein god del merksemd, og langt frå alt har vore positivt. Ein underskriftskampanje på nett har i skrivande stund rett over 2900 signaturar frå folk som vil ha 15-årsgrense på filmen, som har fått aldersgrense 12 år. Alt det før dei fleste i det heile tatt har sett filmen.

No som eg har gjort det, må eg seie at kampanjen får filmen til høyrest mykje verre ut enn han faktisk er. Spermageddon er ikkje ein barnefilm, og det seier promoteringsmaterialet klart og tydeleg, men eg har vanskar for å tru at 12-åringar i dag i det heile tatt vil la seg sjokkere av litt animert knulling, som eg må påpeike at verken viser full pupp eller kjønnsorgan.

Underskriftskampanjen sin påstand om at filmen har «eksplisitte sexscener som minner om anime-pornografi» slår meg som spesielt banal. Det er ei grov overdriving.

Eg er kanskje litt påverka av at mine jamaldrande var endå yngre då dei i si tid såg Terkel i knipe, ein film som eg personleg synest byr på langt meir tvilsam moral enn det at sex er noko folk har.

Måten sex vert framstilt på verkar overraskande snill: Jens og Lisa kjenner kvarandre frå før, gir tydeleg samtykke, prøver seg fram for at begge skal ha det bra, og brukar prevensjon.

Eg er ikkje mor, og eg er ikkje 12 år lenger, så det bør ikkje vere mi stemme som tel mest. Likevel føler eg meg trygg nok til å hevde at få ting har større tiltrekkingskraft på born enn å vite at dei IKKJE skal få lov til noko. Om ein verkeleg er bekymra for at filmen skal vere skadeleg for born, trur eg det beste er å snakke med eigne born om kvifor. Det trur eg er ein langt meir effektiv måte å etablere verdiar enn å forsøkje å få alle og ein kvar til å vere einige med akkurat dine tankar.

Slutten, med det desidert beste musikknummeret, tenkjer eg kan vere kontroversiell, men den diskusjonen krev at folk har sett filmen.

Snål sædfilm

Dette er ein snål film, på godt og vondt. Han er ein sexkomedie, ein musikal med ganske stor variasjon i kvalitet mellom kvar song, og eit eventyr i kroppen sitt indre på ein og same gong.

Det er altfor mange ordspel om sæd og dei aller fleste er dårlege.

Dialogen vaklar ofte mellom klein og reint gull, og ein kunne kjenne på stemninga i salen kva som var kva. Konsekvent er det ikkje, akkurat.

Nokre gonger vert det eit sterkt barnefilmpreg over det heile, ikkje hjelpt av dei runde, storøygde karakterane og den spretne animasjonsstilen. Det gjeld i hovudsak delane med sædcellene og deira reise, som med mindre grovt språk hadde passa som spenstig læremateriale om anatomi.

Det er rett og slett augeblikk der eg lurar på kven dette er for.

All tekst i filmen, som på skilt og skjermar, er på engelsk, som for å gjere det lettare å eksportere han. Det gir meining, men om så vert det på andre sida meir bisart at sædversjonar av Olsenbanden er blant dei viktigaste karakterane. Ja, du las rett. Nei, eg anar ikkje kvifor dette er ein sentral del av handlinga.

Trass i alt dette, kan eg ikkje hate, eller eingong mislike, Spermageddon. Det er ikkje noko gøy å rakke ned på ein film som tar seg sjølv så lite høgtideleg med såpass mykje innsats. Resultatet er langt frå høg filmkunst, men om ein er barnsleg nok til å sjå glede i animerte sædceller med briller og strikkegenserar er det ikkje vanskeleg å skru hjernen av for å kose seg.

Herleg klein

Eg vart positivt overraska over kor engasjert eg blei i forholdet til Jens og Lisa.

Eg hadde på førehand tenkt at «menneskedelen» ville vere det kjedelegaste, ei rammeforteljing som berre var nødvendig for å rettferdiggjere ein langfilm om sædceller.

Det vart derfor eit sjokk for meg at det enda opp motsett: Medan det meste frå sædcellene sin del av forteljinga kjentest veldig kjent ut, ein miks-match av eit utal animerte eventyr, var eg alltid klar for å sjå kva dei to kleine, kåte tenåringane skulle finne på saman. Sjeldan har skitenprat vore så underhaldande.

Jens er ein nerd som tyr til kleine vitsar eller tilfeldig faktakunnskap med ein gong han vert nervøs.

Lisa verkar som ei ganske vanleg jente, men med ein gong dei to kjem saman, er det tydeleg at ho er akkurat like rar og nerdete.

Deira seksuelle debut er prega av usikkerheit og pinlege feilskritt, men filmen får også fram kor godt dei to likar kvarandre.

Begge vil at den andre skal ha ei god oppleving, og sjølv om dei begge gjer feiltrinn, er dei klare til å le det av seg sjølv etterpå. Også typiske forskjellar i opplevinga av sex for kvinner og menn vert brakt opp, eit aspekt som ofte vert ignorert i film, der menn og deira opplevingar gjerne tek mest plass.

Ujamn, men underhaldande

Spermageddon er teit, ujamn underhaldning, men av og til er det nok.

Eg kan heller ikkje sjå bort frå det faktum at eg rett og slett synest konseptet, enkelt som det er, er morosamt. Eg kan akseptere at eg er barnsleg, og det er eg villig til å fortsette å vere viss det lar meg finne såpass mykje glede i filmar som dette.

Eg skulle ønske at manuset vart enda morosamare og at sædsamfunnet hadde fått litt meir kjøtt på beinet, men sjarmen til det unge paret i sentrum gjorde mykje for å løfte interessa mi.

Dette er ikkje ein film eg kjem til å ha eit stort behov for å sjå igjen, men eg glad for at eg fekk sett han – spesielt i ein kinosal med engasjert publikum.

Terningkast: 4