Fleire unge sluttar i politiet

Dei siste tre åra har dobbelt så mange slutta i politiet, samanlikna med føregåande treårsperiode.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Stadig fleire politifolk under 35 år sluttar i politiet, melder Politiforum.

Dei siste tre åra har 251 under 35 gitt seg med politiarbeid. Det er meir enn ei dobling frå føregåande treårsperiode, då 107 slutta. I perioden før det, altså i 2016-2018, var talet berre 58.

– Me ser i tida me no står i at det er ein kamp om arbeidskrafta, og det vil det også vere utfordringar med i tida framover, seier politidirektør Håkon Skulstad til politimagasinet.

Politidirektør Håkon Skulstad er bekymra for at stadig fleire unge sluttar i politiet. Foto: Cornelius Poppe / NTB

Han trekker også fram nedgangen i søkjarar til Politihøgskolen, og seier han er bekymra. På spørsmål om kor problemet ligg, svarar han at politiet treng betre arbeidsvilkår, sidan politifolk også er attraktive i andre delar av arbeidsmarknaden. Skulstad legg vekt på mellom anna lønsvilkår og høg arbeidsbelastning, men også mellombels arbeid.

– Me har vore i periodar med mange mellombels tilsette, som skapar uvisse for folk i etableringsfasen. Me ønskjer ikkje mellombels arbeid og det er viktig å få på plass faste stillingar, seier han.

«Linda» (35) har nyleg sagt opp stillinga i politiet, og ønskjer å uttala seg anonymt. Ho seier årsakene til å slutte er samansette, men at mykje handlar om kutt og sparing:

– Eg føler ikkje at systemet fungerer lenger. Ein merkar at fokuset på tilsette ikkje lenger er til stades. Alt handlar om økonomi og kostnadskutt, seier ho.