Danmark vil ha forbod mot mobiltelefonar i skulen – kommisjon føreslår 13-årsgrense for smarttelefon

Den danske regjeringa foreslår å innføra eit totalforbod mot mobilar og private nettbrett i alle skular og skulefritidsordningar.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Mattias Tesfaye (S), barne- og undervisingsminister i Danmark.

– Det er alltid tusen untak, men me bør diskutera utifrå ein hovudregel om at mobiltelefonar og nettbrett ikkje høyrer heime i skulen, verken i undervisninga eller i friminutta, seier barne- og undervisningsminister Mattias Tesfaye til avisa Politiken.

Den danske regjeringa vil innføra forbod mot mobiltelefonar og private nettbrett i skulane og på fritidsklubbar. Forslaget kjem etter tilråding frå Trivselskommisjonen, som har sett på korleis skjermbruk påverkar barn og unge si trivsel.

1 av 3 blir distraherte

Bakgrunnen for forslaget er mellom anna ei undersøking som viser at meir enn éin av tre elevar i 6. og 8. klasse blir distraherte av digitale einingar i timane, sjølv om 84 prosent av skulane har retningslinjer for bruk av mobiltelefonar i skuletida.

Skuleleiarforeininga i Danmark er ueinige i forslaget om mobilforbod og meiner det bør vera opp til kvar skule å bestemma mobilreglane sine.

13 års grense for mobiltelefon

Mobilforbodet er eitt av Trivselskommisjonen sine i alt 35 tilrådingar. Fleire av dei handlar ifølgje Politiken om born og unge sin tilgang på skjermar og sosiale medium.

I tillegg til mobilforbodet tilrår kommisjonen barn ikkje får sin eigen smarttelefon eller nettbrett før dei er minst 13 år.

– Techgigantane veit akkurat korleis dei skal få barn til å bli hengande på plattformene sine, der dei blir bombarderte med reklame og innhald, og noko av dette kan vera skadeleg for både den fysiske og psykiske helsa til barna, seier direktør Winni Grosbøll ifølgje tv2.dk.

Kva meiner du – bør Noreg følgja etter?

Bør Noreg forby mobiltelefonar og nettbrett i skuletida?

Bør Noreg innføre 13-års aldersgrense på mobiltelefon?

Bør Noreg forby mobiltelefonar og nettbrett i skuletida?

Ja!7
Nei3
Usikker3
Svar totalt: 13