... og at Kristin Halvorsen og Bent Høie stiller med intervju i serien.

Åshild Slåen
Publisert

– Eg er delvis oppvaksen på Skjebergsletten bibliotek, der mora mi tok meg med på eventyrstund kvar måndag. Det var altså eit nytt eventyr på biblioteket kvar veke, pluss at eg også vart lesen til på sengekanten kvar kveld av mora mi.

Det skriv Ida Helene Rosenqvist på e-post til Framtida.no. Ho er ein av forfattarane bak sakprosaboka Makta er vår – politikk og påvirkning i det norske demokratiet, som kom ut i slutten av januar. I boka viser Rosenqvist og medforfattar Thea Joramo Lysne korleis vi kan påverke demokratiet og bruke ytringsfridomen vår.

Ida Rosenqvist

Alder: 30

Frå: Sarpsborg

Utdanning: Medievitskap

Yrke: Kommunikasjonssjef

 

Rosenqvist likar sjølv å lese sakprosa, anten det er i kategoriane samfunn, dokumentar eller biografiar.

– Eller ein god oppvekstroman!

Tidsklemma og Astrid Lindgren

Med ein eittåring heime, får ho ikkje lese så mykje som ho kunne tenkt seg.

– Eg pendlar mellom Moss og Oslo, så viss eg ikkje nyttar reisetida til å jobbe, tek eg gjerne ei leseøkt.

Akkurat no er det Underskudd av Emma Holten som ligg på nattbordet hennar.

Det er for mange bøker til å nemne alle Rosenqvist hugsar frå barndommen, anten det var på biblioteket eller på sengekanten, men nokre klassikarar stikk seg ut.

– Eg var (og er framleis!) spesielt glad i Astrid Lindgrens univers. Gler meg til å vidareføre det til dottera mi.

Foto: Didrik Linnerud Arnesen

– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?

– Eg var på utveksling i USA på vidaregåande, og vart introdusert for ein del klassisk amerikansk litteratur. Eg hugsar at eg var spesielt begeistra for The Great Gatsby.

Gode bøker

Om Rosenqvist kunne velje, skulle ho ynskje ho kunne skrive boka Før de forsvinner.

– Eg las Før de forsvinner i haust og vart så imponert over måten Birger Emanuelsen flettar saman historiske fakta, personlege historier, politiske bodskap, betraktningar og refleksjonar. Eg synest temaet er så interessant og ikkje minst relevant for meg som er i småbarnsfasen sjølv, så det er heilt klart ei bok eg skulle ønskje eg sjølv hadde skrive.

– Kva meiner du gjer ei god bok?

– Det er veldig subjektivt, synest eg. Eg har ingen harde kriterium, men eg må oppleve at eg blir engasjert i skrivemåten til forfattaren. Er boka velskriven, kan eg eigentleg la meg fenge av ei stor breidde av tema.

Dokumentar med Kristin Halvorsen

– Kva bok meiner du er undervurdert?

Meg eier ingen av Åsa Linderborg vart godt motteken då ho kom i 2007, så ho er vel sånn sett ikkje undervurdert, men det byrjar å bli såpass lenge sidan at eg gjerne vil tipse om ho til yngre generasjonar. Som meg sjølv, som var 13 år gammal då boka kom ut.

Åsa Linderborg er også forfattaren Rosenqvist gjerne skulle hatt til middag, om ho kunne velje. Linderborg står bak både romanar og historiske bøker.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Eg håpar at medforfattar Thea Joramo Lysne skriv meir, så eg svarar henne!

Saman kan dei også håpe at mange er interessert i boka deira, og kanskje vil gjere noko meir ut av ho.

– Det hadde vore så kult om boka vår vart filmatisert i form av ein dokumentarserie, for eksempel på NRK. Då kunne jo dei som har gitt intervju, som for eksempel Kristin Halvorsen eller Bent Høie, stilt opp som seg sjølv!