Folkepanelet vil ha fleire reglar og reguleringar for å avgrense forbruket vårt
Eit samstemt folkepanel ber regjeringa om fleire reglar og reguleringar for å avgrense forbruket vårt. Dei vil mellom anna ha forbod mot «3 for 2»-reklame.

I september i fjor gjekk det ut SMS 40.000 nordmenn om å delta i Noregs første folkepanel.
No har gruppa på 66 tilfeldig utvalde levert rapporten som regjeringa skal bruke i berekraftsmeldinga som kjem til våren.
– Viss alle skulle hatt same forbruk som ein nordmann har, måtte vi hatt 3,2 jordklodar, sa klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) under overrekkinga fredag.
Dette ber dei om
Panelet har vurdert korleis vi kan redusere forbruket, samtidig som vi lever gode liv. Her er nokon av punkta dei ber om:
- Panteordning for forbruksvarer som kle, møblar og elektronikk
- Fjerning av moms på reparasjon og brukthandel.
- Reglar for å avgrense overforbruk og meirsal.
- Støtte til teknologi som forlenger produktets levetid.
- Strengare reglar for kva slags reklame som kan bli vist på ulike plattformer.
- Avgrense reklame som fremmar overforbruk, slik som «3 for 2»- kampanjar.
Det siste forslaget trefte i livet til Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Oldernes Tung (Ap).
– Eg irriterer meg når eg er på matbutikken og det er «3 for 2». Då blir eg lurt kvar gong. Eg tenker at eg får sikkert bruk for det, men så ender eg med meir enn eg treng, som går ut over andre ting som kle og gir matsvinn.
Fleirtal for skuleuniform
Panelmedlem Maiken Langli presiserer at det er viktig å skilje mellom kva dei er ekspertar på og kva dei har kompetanse til å gi råd om.
– Vi har fokusert på kva vi meiner må bli jobba meir med, heller enn det konkrete i korleis det skal gjerast.
Alle tilrådingane i rapporten har minst 75 prosent av medlemmene bak seg. Ikkje alle forslaga nådde det kravet. Berre 59,6 prosent av medlemmene ville greie ut innføring av skuleuniform. Likevel viser det at eit fleirtal meiner ideen er god.
Kvart medlem har brukt omtrent ei arbeidsveke på utarbeidinga av rapporten. For Panelmedlem Kasper Christiansen er utlånsordningar ei viktig sak.
– Eg kvir meg til å kjøpe ting eg veit eg vil bruke sjeldan. Ein bruker mykje pengar på det fordi ein vil det skal vare lenge, men så bruker ein det ikkje så mykje og ender opp med å belaste kloden.
– Kontroversielt tema
Leiar i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise, var overraska over at panelet var såpass einige om alle tiltaka.
– Det er jo eit kontroversielt tema at politikarane skal blande seg inn i korleis vi lever. Her seier folket at dei vil ha hjelp, sånn at det er mogleg for dei å leve meir berekraftig og få ned overforbruket.
Tal frå SSB viste nyleg at Noreg ligg i Europatoppen på forbruk. 24 prosent over snittet. Bjelland Eriksen trekte også fram at vi i dag slepp ut 13 millionar tonn Co₂ per nordmann.
– Rapporten viser at folk har veldig stor aksept for endring. Det å endre på kvardagen og livet sitt er ikkje lett. At den aksepten og semja er så brei er inspirerande for oss som jobbar med å lage politikk.
Vil ha meir folkepanel
Av dei 40.000 invitasjonane til folkepanelet var det 492 som melde si interesse og 66 som blei trekt ut med ein demografi basert på kjønn, alder, landsdel, utdanning og haldningar til berekraftig forbruk.
Til påstanden at innbyggarar i rike land som Noreg bør redusere forbruket sitt som ein del av løysinga på klimautfordringa svarte i utgangspunktet 70 prosent av dei utvalde at dei var einige.
Bjelland Eriksen seier at han vil ha meir folkepanel og peiker på helse og skule som andre gode felt å bruke det på.
– Å få befolkninga til å bryne seg på ein del av dei problemstillingane vi står oppe i trur eg er sundt. Både for befolkninga, men også for oss politikarar. Vi treng å skape ei brei forståing for tiltaka vi skal gjennomføre.