Forfattaren har late seg inspirere av den overtenkande, sjølvkritiske og sjølvironiske karakteren i si eiga bok.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2021/01/Birgitte-byline-160x160.jpg)
– Hovudsakeleg les eg samtidsromanar, men i det siste har eg innsett at eg ikkje har lese like mykje «klassisk» som eg kanskje burde, så då har eg prøvd meg litt på det også! Nokre av dei lever opp til ryktet sitt og har eg enda opp med å like veldig godt, andre forstår eg ikkje korleis folk likar i 2025.
Det fortel Bibi Fatima Musavi i ein e-post til Framtida.no. I fjor gav ho ut si første bok, Jenter som meg. Ungdomsromanen er blitt nominert til Uprisen.
I år er ho valt ut til Litteraturhuset i Oslo sitt talentprogram for barne- og ungdomsbokforfattarar FormidlerU.
Bibi Fatima Musavi
Alder: 26
Frå: Oslo
Utdanning: Tar master i medium og kommunikasjon på Universitetet i Oslo
Yrke: Student/forfattar
Vi har kika i bokhylla til forfattaren:
Musavi låner ofte bøker frå vennar, og har difor ikkje oversikt over kor mange bøker ho les i løpet av eit år, men innrømmer at det ikkje blir like mange som ho skulle ønske.
Men når Bibi Fatima Musavi les, er det helst på kollektivtransport eller i senga.
– Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Akkurat no er det ei ungdomsbok eg nyleg fekk tilsendt, Utveg av Erling A. Westgaard.
Las for seg sjølv
– Kva bøker vart lesne til deg som liten?
– Ingen! Eg måtte lese for meg sjølv. Eg kjem ikkje frå ein heim med bøker eller frå ein familie som les bøker, og eg trur nok eg framleis er den einaste i familien min som les.
Om ho skal trekke fram éi bok som gjorde inntrykk i tenåra, er det Ser hodet mitt stort ut med denne? av Randa Abdel-Fattah.
– Det var etter at eg las den at eg innsåg at livet mitt kanskje er verdt å skrive om. Det var også boka som fekk meg til å innsjå at eg sjølv også kunne bli forfattar, sjølv om det på eit tidspunkt verka så fjernt frå min realitet som mogleg.
Om Musavi kunne invitere ein valfri forfattar på middag, hadde det blitt nettopp Randa Abdel-Fattah, på grunn av betydinga boka hennar hadde i oppveksten.
Hunger Games og Bridget Jones
Musavi skulle ønske ho hadde skrive Hunger Games-bøkene.
– Dei er så utruleg godt skrivne, og eg elskar den kvinnelege helten og samfunnskritikken i dei. Parallellane bøkene drar til dagens samfunn er jo også utrulege. Bøkene underheld, engasjerer og får deg til å tenke, og det er også det eg vil oppnå som forfattar.
Bokkarakteren Musavi kjenner seg mest att i, er Bridget Jones.
– Ho overtenker, er sjølvkritisk og sjølvironisk, noko eg sjølv også er. Ho føler på presset av å ha eit «perfekt» liv og misunner dei som har det, men ting går sjeldan sånn som ho vil eller planlegg. Eg likar ho så godt at hovudkarakteren Asya i Jenter som meg er delvis inspirert av ho.
Må trigge kjensler
For at ei bok skal vere god, meiner forfattaren ho må trigge ei kjensle i deg. Om det så er sinne, sorg, glede, eller kva enn det skal vere, så må du føle noko.
– Eg har sjølv lagt merke til at dei bøkene eg likar mest, er dei der eg er mest emosjonelt investert i handlinga. Ein annan ting er at bøkene bør ha eit preg av tidløyse over seg. Då eg for eksempel las «Sult» for første gong for nokre år sidan, blei eg overraska over at ho blei skriven for så lenge sidan, fordi utfordringane og kjenslene hovudpersonen sit med er jo nesten like aktuelle i dag.
– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– No er det ikkje sånn at denne boka ikkje har fått merksemd, men kanskje ikkje like mykje samanlikna med andre liknande bøker, eller like mykje som det eg hadde forventa, og det er Rooftops of Tehran, som handlar om det iranske samfunnet før revolusjonen. Eg las ho igjen nyleg, og likte ho mykje betre som tenåring enn eg gjer no, men eg synest det framleis er ei så fin bok, som ikkje nok menneske har høyrt om.
Khaled Hosseini-fan
Om Musavi berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet hadde valet truleg falle på Khaled Hosseini.
– Eg har sjølv bakgrunn frå Afghanistan, men har aldri vore der før, så bøkene hans har alltid vore spesielle for meg. Eg trur eg las Drageløperen då eg var elleve eller tolv, og har vore fan av alt han skriv sidan!
– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?
– Det er vanskeleg å seie! Eg har ikkje så god oversikt over norske skodespelarar, men eg meiner å ha sett ei jente for nokre år sidan i serien Lik meg som kanskje kunne passa – så kanskje ho?