Møre og Romsdal ventar kutt i fleire vidaregåande skular
I dag har Møre og Romsdal 20 offentlege vidaregåande skular, men grunna kraftig nedgang i elevtalet ventar dei kutt i både talet på skular og linjer på dei ulike skulane.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
– I løpet av 15 år får vi 1700 færre elevar inn i den vidaregåande skulen. Då må vi stille spørsmålet «kva gjer vi med tilbods- og skulestrukturen?» seier fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal, Toril Hovdenak til NRK.
Møre og Romsdal fylkeskommune har allereie trong økonomi, og nedgang i elevtalet gjer at dei kjem til å miste inntekter. Dei får nemleg pengar frå staten etter kor mange elevar dei har på skulane.
Det er ikkje bestemt kva skular som eventuelt skal bli ramma av kutt, men Hovdenak fortel at nedgangen i elevtal kjem til å treffe i heile fylket.