Justisministeren varslar nye grep mot ungdomskriminalitet
Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) varslar nye grep mot barne- og ungdomskriminaliteten. Ho vil at mindreårige gjengangarar skal fotfølgjast døgnet rundt.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2023/11/NPK-160x160.png)
I VG varslar Noregs nye justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen tre grep mot barne- og ungdomskriminalitet.
24/7-programmet skal gjelde i byane som har størst utfordring med ungdomskriminalitet, som i Oslo, Bergen, Trondheim og Kristiansand. Prislappen kan fort komme opp mot 300 millionar kroner.
– Det kostar pengar, men så veit vi samtidig at vi på lang sikt sparer både pengar og liding på å gjere dette, seier Aas-Hansen.
Fulgt av vaksne dag og natt
Ho vil mellom anna at unge kriminelle gjengangarar skal fotfølgjast døgnet rundt, noko Oslo Ap lenge har teke til orde for.
– Dette handlar om at vaksne folk skal hente dei heime om morgonen, følgje dei gjennom skuledagen, ta dei med ut på mange aktivitetar på kvelden, følgje dei heim og sørgje for oppfølging av foreldra. Nokre av dei treng hjelp og klarer ikkje å handtere barna, seier gruppeleiar Marthe Scharning Lund i Oslo Ap.
Ap vil også få på plass raskare domstolsbehandling og eiga straff for å bruke mindreårige til kriminalitet.