Desse bøkene er nominerte til Ungdommens kritikerpris
Vidaregåandeelevar skal lese tre romanar og kåre den dei likar best.
– Dei nominerte bøkene er svært forskjellige, og vi er spente på kva som vil fenge dei unge lesarane mest, uttalar prosjektleiar for Ungdommens kritikerpris Marte Waagaard i ei pressemelding frå Foreningen !les.
Elevar i vidaregåande skule skal lese dei same bøkene som er nominerte til Kritikerprisen i kategorien skjønnlitteratur, og kåre ungdommens vinnar.
Desse tre bøkene er nominerte
- Ikke mennesker jeg kan regne med av Kyrre Andreassen, Gyldendal
- Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo, Det Norske Samlaget
- Sameproblemet av Kathrine Nedrejord, Oktober forlag
Årets juryklassar
Ungdommens kritikerpris feirar i år 20-årsjubileum.
I 2025 er det desse klassane som har fått oppdraget med å kåre ein vinnar:
- Alta vgs, VG2 Idrett, Finnmark.
- Fyllingsdalen vgs, VG2 Musikk, dans og drama, Vestland.
- Hamar katedralskole, VG1 Saum og tekstil, Innlandet.
- Nesodden vgs, VG2 Studiespesialiserande, Akershus.
- Nøtterøy vgs, VG3 Helse og oppvekst, Vestfold.
- Oslo katedralskole, VG1 Studiespesialiserande, Oslo.
- Steinkjer vgs, VG1 Kunst, design og arkitektur, Trøndelag.
Kritikerprisen blir delt ut 6. mars på Litteraturhuset i Oslo og Ungdommens kritikerpris blir delt ut 10. april på Sentralen i Oslo.