Desse bøkene er nominerte til Ungdommens kritikerpris

Vidaregåandeelevar skal lese tre romanar og kåre den dei likar best.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Dei nominerte bøkene er svært forskjellige, og vi er spente på kva som vil fenge dei unge lesarane mest, uttalar prosjektleiar for Ungdommens kritikerpris Marte Waagaard i ei pressemelding frå Foreningen !les.  

Elevar i vidaregåande skule skal lese dei same bøkene som er nominerte til Kritikerprisen i kategorien skjønnlitteratur, og kåre ungdommens vinnar.

Desse tre bøkene er nominerte

Årets juryklassar

Ungdommens kritikerpris feirar i år 20-årsjubileum.

I 2025 er det desse klassane som har fått oppdraget med å kåre ein vinnar:

  • Alta vgs, VG2 Idrett, Finnmark.
  • Fyllingsdalen vgs, VG2 Musikk, dans og drama, Vestland.
  • Hamar katedralskole, VG1 Saum og tekstil, Innlandet.
  • Nesodden vgs, VG2 Studiespesialiserande, Akershus.
  • Nøtterøy vgs, VG3 Helse og oppvekst, Vestfold.
  • Oslo katedralskole, VG1 Studiespesialiserande, Oslo.
  • Steinkjer vgs, VG1 Kunst, design og arkitektur, Trøndelag. 

Kritikerprisen blir delt ut 6. mars på Litteraturhuset i Oslo og Ungdommens kritikerpris blir delt ut 10. april på Sentralen i Oslo.