Vida Lill Gausemel Berge gjorde alt for å få jobb i radio. Det løna seg.
– Eg blei casta til Paradise Hotel og stilte på intervju eigentleg som ein spøk, men rett før jul, fekk eg tommel opp og flybillettar i hendene. Eg hadde aldri reist så langt aleine, eg grua meg til å fortelje foreldra mine at eg skulle dra og var livredd for å øydeleggje framtida mi. Samstundes var eg spent og sugen på nye eventyr!
Det fortel Vida Lill Gausemel Berge (34) om det sterkaste minnet frå då ho var 20 år.
Berge vart kjent gjennom reality-programmet Paradise Hotel, som ho vann etter at ho «sleppte kula» i 2012. For tida er ho aktuell med livstilsendringsprogrammet 16 ukers helvete på Max, men kanskje har du òg høyrt stemma hennar på radio.
34-åringen avslører at ho alltid har drøymt om å jobbe med radio, men som 20-åring ante ho ikkje korleis ho skulle gå fram for å få draumejobben.
– Eg hadde ikkje godt nok snitt frå vidaregåande til å kome inn på journalistikk og kunne ikkje det tekniske. Så eg søkte berre så ofte det dukka opp ledige stillingar. Eg har sendt mail til random folk i NRK og spurt «Hei, kan eg hente kaffien din og jobbe i radio?».
Innsatsen har ført fram, for Berge har etablert seg som programleiar både i NRK P3 og no i P4 og P5.
Skulelei
– NRK P3 var den feitaste radiokanalen eg visste om, reality-TV var framleis nytt og spanande og eg las dei «hippe og kule» blada som Natt&Dag, Spirit, Playboard (eit snowboardmagasin) Friflyt og Smug, minnest Vida Lill om kva ho likte som 20-åring.
I 2010, då Vida Lill Gausemel Berge var 20 år, droppa ho ut av barnevernspedagogikk-studium i Volda.
– Eg budde litt i Volda, litt i Hemsedal og litt heime hos muttern i Ås, og så jobba eg på Color Line mellom Oslo-Kiel og var veldig usikker på vegen vidare.
Ho skildrar seg sjølv som skulelei, og mangla motivasjon for studia. Programleiaren har derimot alltid likt å jobbe og tene pengar til reise, fest, snowboard og moro.
– Så eg var med andre ord sjeldan på skulen, men alltid på vors og nach, på trening og snowboard i skog og mark og alltid presis på jobb.
– Hugsar du kva som skjedde elles i verda?
– Jens var statsminister, Natt&Dag sette dagsordenen når det kom til hippe utestader i byen, utestaden «Brennis» (også kjent som Brenneriet) var brennheite greier i Lillehammer, Twitter var det feitaste du gjorde på internett, dei fleste drog til Bali for å «finne seg sjæl» kombinert med badestudium og USA hadde framleis status som «eit feitt land å reise til», minnest ho om 2010.
Vida Lill er august-barn, og fortel at ho i 20-åra alltid samla venar og bekjente i Sofienbergparken i Oslo til vin og vegetarpølse.
Dei viktigaste personane i livet hennar var den dåverande kjærasten og bestevenane hennar, som på det tidspunktet var spreidd rundt i heile landet og utlandet.
Rastlaus og rotlaus
– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?
– Eg er rastlaus og rotlaus og tenkte at eg skulle fylle sekken med opplevingar og fest og moro i 20-åra, så fekk eg ta alvoret med utdanning og huslån og barn litt seinare. Men eg var nok også livredd for å mislukkast, eller ikkje «finne mitt kall».
Å ikkje vere god nok var hennar største frykt på den tida. Hadde ho derimot møtt seg sjølv som 20-åring i dag, ville ho vore stolt.
– Køyr på! Sei og gjer dumme ting, lær leksene dine på den harde måten og nyt dei fine augeblikka mellom slaga. Vaksenlivet kjem og tar deg til slutt uansett.
– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?
– Viss du verkeleg vil, så må du gi det eit skikkeleg forsøk! Men det er alltid lov å ombestemme seg og ta ein U-sving og finne på noko nytt.