Lady Macbeth på Det Norske Teatret – fanga i eit ope rom
Medan du ventar på slutten av den Netflix-serien You, er det berre å bestille seg eit sete til Lady Macbeth på Det Norske Teatret, skriv Linn Isabel Eielsen.
I Det Norske Teatret si oppsetting av Lady Macbeth er det scenen som er hovudkarakteren.
Framsyninga utspelar seg på ei open scene, med eit golv dekka av spon.
Ingen oppdelingar, berre ein gjennomsiktig vegg langt inne på scenen som skil mellom fram- og bakgrunn. Dette enorme rommet brukast til å vise oss hovudpoenga i historia: distanse og nærleik, lidenskap og apati.
Lady MacBeth
- Fritt etter forteljinga Lady Macbeth fra Mtensk av Nikolaj Leskov
- Regissør: Melanie Mederlind
- Omsetjing: Ingrid Weme Nilsen
- Speletid: 1 t og 50 minutt
- Premieredato: 18. januar 2025
Katt og fjøsdyr
Fysisk avstand er ei effektiv avbilding av den emosjonelle distansen mellom Katerina (Julie Moe Sandø) og Sinovij (Kyrre Hellum). Dei står jo faktisk femten meter unna kvarandre medan dei pratar.
Når Katerina og Sergej (Leo Magnus de la Nuez) står saman så tett dei kan, blir distansen brukt til å forsterke kjensla av at det er dei to mot verda.
Alle scener skjer i det same store rommet, og sponen som er naturleg i fjøsscener er også til stades når dei er inne i huset. Karakterane er fanga som dyr, og handlingane deira viser at dei heller ikkje er betre enn dyr. Denne meisterlege bruken av rom og enkle rekvisittar gjer framsyninga teknisk interessant å sjå på.
Svein Roger Karlsen si tolking av svigerfar Boris er noko av det eklaste eg har sett på ein scene. Han slurpar, smattar, snufsar og gryntar som ein gammal mann på t-banen, og gjev karakteren alle sider som trengst for at eg nesten er letta når Katerina drep han.
Skodespelarane er direkte og uredde, og heile stykket er velspelt.
Eg – og publikum – er også djupt fornøgd med at dei faktisk tek ein ekte katt inn på scenen. Den einaste kritikken eg har er at dei ikkje tek han med ut igjen til applausen. Når eg ikkje kan klappe katten, vil eg klappe for katten!
Repetisjonar
Katerina går inn i ekteskapet med ein sprudlande personlegdom, og får heile livsgnisten sakte, men sikkert, sløkt.
Dette er meisterleg forsterka av Katerina sin overdådige og fantastisk vakre gule kjole. Sponet på golvet gjer at ho sjølv i denne kjolen går i eitt med golvet og bakgrunnen.
Sjølv den mest ekstravagante person og kjole kan kvelast av eit uinspirert liv. Kvar dag er nemleg lik for Katerina.
Dette visast med ein repeterande koreografi og eit gjennomgåande karakteristisk pianosong som minner om introsongen i Side om side. Pianosongen er ikkje beskrivande eller interessant nok til å bli gjenteke så ofte som han gjer. Her ville eg ha føretrekt ein meir anonym stemningsbasert musikk, eller eit lengre pianostykke som ikkje blir loopa så ofte.
Klassikarar i dag
Klassikarar som Lady Macbeth lever den dag i dag fordi det finst like mange måtar å diskutere dei på som det finst måtar å spele dei på.
Eg er likevel ikkje imponert over måten dei løysar avslutninga.
Når Katerina peikar på Sergei som syndebukk i staden for han og Aksinja, blir femti prosent av kjærleiksmotivet for drapa borte.
Og når Katerina drep Aksinja i slutten av førestillinga verkar det meir som at Katerina drep alle som kjem nærme ho i ei slags sjuk emosjonell distansering, i staden for at ho er ute etter makt og kontroll.
Der igjen, så vil originalversjonen frå boka overtyde lesaren om at Katerina var villig til å gå i eksil og fengsel saman med Sergei, medan dei i operaen blir avslørt tilfeldig og arrestert under deira eiget bryllaup.
Det er rett og slett så mange versjonar av denne forteljinga at ingenting blir rett eller gale. Eg skal berre vere så teit å seie at eg likte filmen Lady M sin slutt betre.
Moderne forteljingar
Hovudgrunnen til at eg sjølv likar å sjå klassikarar i blant er at dei er kjeldematerialet for moderne medium. For eksempel er Lady Macbeth ei klassisk utforsking av kor langt publikum er villig til å strekke seg for å rettferdiggjere karakterens handlingar.
Minnar kanskje dette litt om ein serie mange av oss går rundt og ventar på siste sesong av? For eksempel You? Medan du ventar på slutten av den serien, er det berre å bestille seg eit sete til Lady Macbeth på Det Norske Teatret.
Den fantastiske scenografien, dei til tider tvitydige replikkane og symbolismen vil garantert gje båe deg og dei du går med mykje å diskutere på veg heim etterpå.
Og så får du jo sjølvsagt skryterett over å ha sett eit klassisk russisk teaterstykke, og kven vil ikkje ha det?