USA går ut av Parisavtalen – og 4 andre ting Trump gjorde på sin første dag

Trump har igjen byrja i jobben som president i USA. Her er noko av det han gjorde på den første dagen sin.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Denne saka vart først publisert hos Framtida Junior.

USA ut av Parisavtalen

Parisavtalen, som dei fleste landa i verda er med på, har som mål å hindre temperaturen på jorda i å auke med meir enn 1,5 grader. Trump trekte USA ut av avtalen førre gong han var president, men Joe Biden melde landet inn igjen i 2021.

No har Donald Trump nok ein gong trekt USA ut av avtalen.

USA ut av Verdas helseorganisasjon

Trump har også trekt USA ut av Verdas helseorganisasjon (WHO). Han var misnøgd med korleis WHO handterte koronapandemien.

USA er det landet som gir mest pengar til WHO. I 2023 bidrog USA med 16 prosent av finansieringa til organisasjonen.

Han benådar 1500 opprørarar

Då Joe Biden skulle overta som president i 2021, var det ei stor folkemengde med Trump-tilhengarar som storma Kongressen i USA, der nasjonalforsamlinga i landet sit.

Dei protesterte fordi Donald Trump hevda at han hadde tapt valet på grunn av valfusk, noko som har blitt motbevist.

Opprørarane skal ha ønskt å fange og drepe fleire politikarar, og å hindre Joe Biden i å bli utnemnd som president. Fem døydde under opptøyane, og hundrevis, inkludert 140 politifolk, vart skadde.

Nesten 1600 av dei som deltok i opprøret, har blitt dømde for ulike lovbrot. No har Trump benåda og frigjort rundt 1500 av dei, som han kalla «gislar».

Han endrar namnet på Nord-Amerikas høgaste fjell

Denali er det høgaste fjellet i Nord-Amerika. Toppen er på 6190 meter over havet og ligg i staten Alaska.

«Denali» er namnet urfolket i Alaska har kalla fjellet i tusenvis av år. I 2015 gjorde dåverande president Barack Obama Denali til det offisielle namnet på fjellet. Denali tyder «det høge» eller «det svære».

I 1896 vart fjellet derimot døypt «Mount McKinley», kalla opp etter den dåverande presidenten i USA, sjølv om William McKinley aldri hadde besøkt fjellet.

No vil Trump at fjellet igjen skal kallast McKinley. I same vending vil han døype om Mexicogolfen til Amerikagolfen.

Han utset TikTok-forbod

Amerikanske politikarar har gjort eit vedtak som ville gjere det forbode å laste ned TikTok i USA frå 19. januar. No har Trump sikra at forbodet blir utsett med 75 dagar.

Forbodet handlar om at USA fryktar at appen kan drive spionasje i USA for kinesiske styresmakter, og USA har difor kravd at eigarselskapet ByteDance sel appen vidare. Trump vil at USA skal få eigarskap i plattforma.