Førdefjorden har ein spesiell plass i hjartet til den nye Natur og Ungdom-leiaren.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Som så mange på min alder har eg lenge vore bekymra og redd for naturtapet og klimaendringane vi ser så tydeleg i dag, men etter eg deltok i ein klimastreik i 2019 forstod eg at eg ikkje trong å vente på at nokon skulle gjere noko, eg kunne berre engasjere meg sjølv!

Sigrid Hoddevik Losnegård (21) vart nyleg vald til ny leiar av Natur og Ungdom, og fortel om korleis engasjementet hennar for klima og miljø vart vekt.

Sigrid Hoddevik Losnegård

Alder: 21 år
Personleg pronomen: Ho/henne
Frå: Askvoll i gamle Sogn og Fjordane
Yrke/utdanning: 30 litt tilfeldige studiepoeng i Aust-Europahistorie
Favorittfag på skulen: Engelsk
Ulike verv: Leiar i Natur og Ungdom
Medlem i: Natur og Ungdom

 

– Etter eg starta på ein vidaregåande skule med eit lokallag i Natur og Ungdom, var det lett for meg å halde fram med å engasjere meg. Her blei eg møtt av både eldre og yngre folk som er så utruleg dyktige, engasjerande og snille, og eg trur at utan eit slikt fellesskap, hadde eg kanskje ikkje vore der eg er i dag, skriv ho på e-post til Framtida.no.

Førdefjorden har ein spesiell plass i hjartet

Losnegård kjem frå Sunnfjord og er sterkt knytt til naturen der. Førdefjorden har difor ein spesiell plass i hjartet hennar.

– Saka om Førdefjorden er ei prinsippsak. Skal ein øydelegge ein fjord for at eit selskap skal tene pengar eller skal ein heller stille strengare krav til selskapet? Dessverre er det tusenvis av slike saker i heile Noreg, og det er summen av desse som øydelegg livsgrunnlaget vårt.

For den nye NU-leiaren er idealsamfunnet eit samfunn som forvaltar ressursane til det felles beste, i dag og på lang sikt.

– I eit slikt samfunn må alle vere likestilte, og derfor er klimakamp også ein kamp mot diskriminering, rasisme og sexisme. Vi når dette samfunnet mellom anna gjennom å anerkjenne kor stort ansvar Noreg og dei vestlege landa har for klimakrisa, og at dei verste konsekvensane av denne krisa no råkar dei landa som ikkje har hatt økonomi eller moglegheit til å leve med like stort forbruk som oss. Så må vi ta ansvaret for å løyse denne krisa, og fordele naturressursane våre på ein rettferdig måte.

Stortingsvalet

Om NU-leiaren kunne invitere kven som helst på middag, hadde det blitt den som skal leie Noreg framover.

– Eg inviterer gjerne den neste statsministeren, uansett kven det blir, heim til meg og serverer pannekaker med blåbærsylte. Så kan eg fortelje kva vi i Natur og Ungdom meiner skal til for å nå dette idealsamfunnet, og kva hen er nøydd til å gjere.

Losnegård meiner stortingsvalet i 2025 er det viktigaste valet for klima og miljø nokosinne.

– Denne regjeringa må sikre at vi når klima- og naturmåla innan 2030, derfor treng vi politikarar som er modige, og tør å starte den tydelege styringa vi treng for å få ei rettferdig omstilling vekk frå olje og gass, og for at vi ikkje skal bygge ned meir verdifull natur i Noreg.

Sigrid Hoddevik Losnegård tar over som leiar i Natur og Ungdom. | Foto: Lovise Tokle Rannekleiv

Gruvedrift på havbotnen

5. til 8. januar heldt Natur og Ungdom landsmøte. Losnegård er nøgd med at dei vedtok nye program og at det var mange nye fjes på talarstolen.

Kampen mot gruvedrift på havbotnen har vore ei viktig sak for Natur og Ungdom den siste tida, og i desember kunne dei juble for at SV stoppa konsesjonsrunden i statsbudsjettforhandlingane. Losnegård meiner likevel det er ein veg å gå før Stortinget stoppar planane permanent, og det er noko ungdomsorganisasjonen skal jobbe for i år.

– Samstundes kjem fleire og fleire enorme natursaker som er så utruleg viktige, fordi naturen i heile Noreg blir bygd ned bit for bit.

Ho trekker fram den planlagde utbygginga av Viken park i Fredrikstad og alpinsenteret Arctic Center som blir planlagt i Tromsø.

– Vi har vedteke fråsegn i begge desse sakene, og vi skal halde fram med å aksjonere og jobbe mot naturinngrep i heile landet. I tillegg til alle desse enkeltsakene skal vi omstille oss vekk frå olje og gass, og vi får dårlegare og dårlegare tid, og derfor er ein klima- og natursiger i stortingsvalet den neste kampen vi står overfor.

– Må finne min eigen stil

Om Sigrid Hoddevik Losnegård vakna til draumenyheita si i morgon, hadde overskrifta vore: «Natur og Ungdom når ny medlemstopp, medan den nye regjeringa sikrar Noreg sine klima- og naturmål innan 2030!»

– Kva type leiar vil du vera?

– Alle dei tidlegare leiarane i Natur og Ungdom har etterlate meg store sko å fylle, men heldigvis er alle forskjellige, og eg må nok finne min eigen stil. Eg håper eg kan vere ein leiar som tek vare på alle medlemmane våre, og får til å engasjere endå fleire. I Natur og Ungdom er det kjempemange dyktige folk som eg ser opp til. Alle desse unge aktivistane er mine førebilete.

Same for meg så lenge eg har rømme på! svarar Sigrid Hoddevik Losnegård på dilemmaet taco eller pizza.

For å halde seg oppdatert, er Natur og Ungdom-leiaren glad i å høyre på radio medan ho gjer andre ting, og er elles avhengig av nyheitsvarsel frå NRK og VG dersom det skjer noko. På fritida likar ho å lese, drive med handarbeid og vere med vener.

– Eg har ein liten hund som heiter Karlsson, og han tek opp mykje av tida eg ikkje bruka på Natur og Ungdom sitt kontor.

– Kva er den største tidstjuven i kvardagen din?

– Eg er ganske flink til å innsjå det når eg har skrolla for lenge på telefonen, men dersom eg skrur på TV-en kan det gå fleire timar utan at eg tenker på kva klokka er.

Tre Tips

– Kva for ei bok burde alle lese? 

Omslag: Spartacus Forlag

Den nye fisken av Simen Sætre og Kjetil Østli som fortel om den norske lakseoppdrettsnæringa. Boka avslørte forskarar som fekk munnkorg, laks som blir oppdretta i ulevelege forhold, og alt industrien ikkje vil at du skal vite. Eg har ikkje ete oppdrettslaks sidan eg las boka, og blir kvalm av tanken på det.

– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?

– For tida ser eg mykje på Frustrerte Fruer på dei gamle DVD-ane mine, og det kan vere vanskeleg å skru av.

– Kva låt får deg alltid i godt humør?

– Eigentleg alle songane av KA2 er gode om ein treng å få opp humøret!