USA kan få TikTok-forbod – brukarar flyktar til ny kinesisk app

RedNote var den mest lasta ned appen frå amerikanske App Store tysdag.

Åshild Slåen
Publisert

Sundag 19. januar kan den populære videoappen TikTok bli forboden i USA.

Fredag indikerte den amerikanske høgsteretten at dei truleg kjem til å oppretthalde lova som vart vedteken i april fjor.

Lova seier at USA kan forby appar eigd av framande styresmakter dersom dei er ein trugsel mot nasjonal tryggleik. Ho fekk støtte av både demokratar og republikanarar som seier dei er bekymra for at Kina vil få tilgang til amerikanske brukarar sine data gjennom det kinesiske selskapet ByteDance, som eig TikTok.

Høgsterett vil kome med ei endeleg avgjerd snart.

I protest har fleire TikTok-brukarar byrja å bruke den kinesiske videoappen Xiaohongshu, eller «den vesle raude boka», ofte kalla RedNote på engelsk. Det var den mest lasta ned appen frå amerikanske App Store på tysdag, ifølgje CNN.

RedNote vart lansert i 2013, har 300 millionar daglege brukarar, og blir skildra som Kina sitt svar på Instagram, der folk deler tips rundt reise, sminke og mote.

Kinesiske restriksjonar

Mange av dei som har oppretta konto har byrja å kommunisere med dei kinesiske brukarane av appen, inkludert å hjelpe med engelsklekser og lære seg mandarin:

@krisdewdew #rednote #tiktokban ♬ original sound – Kris Dew

Kinesiske brukarar har ikkje tilgang til TikTok, men originalversjonen Douyin.

RedNote er underlagt same type sensur som alle kinesiske sosiale medium, og er difor meir restriktiv enn TikTok i kva slags innhald det er lov å dele, skriv The Washington Post. Tema som politikk, helse og økonomi er forbode, fordi dei vert rekna som for «seriøse», seier ein ekspert til avisa.

I Taiwan får ikkje dei som arbeider for styresmaktene lov til å bruke appen på grunn av bekymringar rundt tryggleiken og risikoen rundt kinesisk programvare.

Nasjonal tryggleik og nytt amerikansk eigarskap

Lova bak TikTok-forbodet gjer det ikkje umiddelbart umogleg for amerikanarar å bruke TikTok-appen, men det gjer det ulovleg for distributørar som App Store og Google Play å la folk laste ned appen.

Det vil likevel bli vanskeleg for amerikanske brukarar å halde fram å bruke appen over lang tid, sidan dei då ikkje vil få sikkerheitsoppdateringar som fiksar feil.

Forbodet kan bli hindra dersom TikTok blir selt til ein amerikansk aktør. Dei siste dagane har det vore rykte om at Elon Musk kan kome til å kjøpe appen, men selskapet ByteDance har avvist dette som oppspinn.