I bokhylla: Ingvild Hegge Eriksen blir fly forbanna av It ends with us

… og Splintra av Hilde Myklebust får ho til å hulke høgt i sofaen.

Åshild Slåen/Ingvild Eide Leirfall
Publisert

– Eg brukar å legge inn bøker på Goodreads og har dei siste åra prøvd å ha eit årleg mål på 50 bøker, skriv forfattar Ingvild Hegge Eriksen på e-post til Framtida.no.

– Som regel har eg ei bok fysisk og ei lydbok gåande samtidig. Blir mykje lydbok i bilen!

Ho debuterte med ungdomsromanen Dette forandrer alt i 2024, der hovudpersonane må finne ut av framtidsdraumane sine etter at ein av dei blir gravid ved eit uhell.

Ingvild Hegge Eriksen

Alder: 30

Frå: Grong

Utdanning: Tekstforfattar frå Westerdals, Forfattarstudiet ved Norsk Barnebokinstitutt og går 2024/25 på Forfattarskulen på NFFO.

Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande

Vi har teke ein titt i bokhylla til debutforfattaren.

Ungdomsbøker og Undset

Sjølv kan ho lese alt frå krim, kjærleik og drama, til sakprosabøker og biletbøker for barn.

– Og så er eg ein sucker for ungdomsbøker, sjølvsagt, og gjerne ungdomsbøker frå distriktet. Før var eg meir hekta på fantasy, no er det mest Harry Potter eller bøkene til Richelle Mead som finn vegen heim til meg i den sjangeren.

Ho har lyst til å lese fleire norske fantasybøker og klassikarar.

– Lenge har eg tenkt at eg vil lese noko av Sigrid Undset, og eg trur eg skal byrje med Jenny.

Eriksen brukte det siste året på å utfordre seg sjølv på bokfronten. I 2024 vart ho med i ein bokklubb der kvar person valde kategori ein gong i månaden.

– Det er kjekt å bli utfordra og lese noko heilt anna. Eg har lese svært lite bøker av afrikanske forfattarar, så eg skal definitivt fortsette å utvide horisonten på den måten. Og dikt vil eg lese meir av, men eg blir fort litt utolmodig med den sjangeren og er kanskje ikkje så flink til å ta meg god tid til kvart dikt.

Treng du nokre tilrådingar for afrikansk litteratur?

Språket er avgjerande

For Eriksen er ei god bok avhengig av eit godt språk.

– Viss ei historie er god, men språket er flatt og heilt utan kjensler eller brodd, då blir eg ikkje spesielt begeistra. Eg har lese nok bøker der sjølve plottet er kult, men dialogen er så kjedeleg at eg sovnar, eller setningane liksom er skrivne på bestilling. Då får eg inntrykk av at forfattaren heller ville lage middag enn å skrive.

– Kva bok ligg på nattbordet ditt?

– Ei god blanding, i fall eg blir lei av den eine. No er det er Pallekarm av Maria Berg Hestad, Den forbudte elven av Chigozie Obioma, Dørene lukkes av Maren Skolem og Vampire Academy 3 av Richelle Mead. Eg elskar å lese på senga, anten viss eg legg meg tidleg eller i helgene med kaffi på morgonen.

– Kvar les du? 

– I senga, på ferja eller i bilen.

Ei gigantisk blautkake i trynet

– Det er mange bøker som har fått meg til å grine, men kombinasjonen nynorsk, ungdomskjærleik og sjukdom gjorde at boka til Hilde Myklebust fekk meg til å hulke høgt i sofaen.

Forfattaren blir gjerne provosert når ho les sakprosabøker om tema ho bryr seg om, som skjermtid, distriktspolitikk eller klima.

– Men ei bok som gjorde meg fly forbanna er faktisk It ends with us, og kor dårleg skriven ho er. Forfattaren tek opp eit så viktig og alvorleg tema, men boka er så overflatisk skriven og absolutt ingenting er overlate til lesaren. Det er sikkert ein brannfakkel, men eg skjønner verkeleg ikkje greia med Colleen Hoover. Har lese fleire bøker av ho, og det er visst ingen grenser for kor mykje kjensler som skal klinast utover sidene og kor mykje som skal forteljast rett ut. Det er som å få ei gigantisk blautkake i trynet.

Twilight og Idas dans

Som ganske mange andre fødde på 90-talet hadde Eriksen ein vampyr-periode som tenåring. Ho slapp ikkje unna Twilight, og anda for Vampire Academy-serien av Richelle Mead.

– Forboden kjærleik, sterke kvinnekarakterar og mykje action – eg slukte det! Med ein sarkastisk hovudperson er dessutan bøkene ganske morosame også.

Ei bok ho derimot gråt lenge over var Idas dans av Gunnhild Corwin.

– Klisjé, men eg vart så takksam for dei eg hadde i min krets og at alle var friske.

– Kva bok vart lesen til deg som liten?

– Det var alt frå Astrid Lindgren – Se, Marikken det snør! gir meg enno tårer i auga – til eventyrbøker og turbøker. Vi hadde ein sånn serie med faktabøker om fjæra, fjellet, dyr og så vidare. Dei var store og blå og hadde masse bilete. Dei las vi mykje i då eg var liten. Og så hugsar eg at mamma ikkje fekk lov å lese ferdig Fjellet med de tre grottene av Per Olov Enquist fordi ho var så skummel.

Hestejente og serieforfattar

Då ho var 12–13 år kjente Eriksen seg best att i Sara-bøkene av Pia Hagmar, der ho kunne leve ut hestejentedraumen.

– Då Sara sin hest på rideskulen vart gitt vekk til nokon andre, hadde eg kjærleikssorg heile boka, seriøst! Den serien gjekk veldig innpå meg den gongen.

Seinare var det Hjartespreng av Inger Johanne Sæterbakk, som ho kjente seg att i.

– Eg var også veldig dårleg på å vere 16 år, haha.

– Kva bok skulle du ynskje du hadde skrive? 

– Viss eg hadde vore serieforfattarar, kunne eg kanskje levd av det, og det er jo draumen. Køyrd på med ei bok i månaden om barske karar i skogen og heit omfamning framom peisen om kvelden, hehe.

Ho synest det er vilt imponerande korleis Frid Ingulstad har produsert over hundre bøker om eitt univers.

– Og så er eg litt sjalu på Naturmannen og jeg av Lene Julsen kanskje? Den boka er så spot on når det kjem til stereotypiar i friluftslivet, både morosam, godt skrive og tankevekkande.

– Kva bok meiner du er undervurdert?

– Eg vart veldig overraska då NRK sin bokmeldar gav Ingvild Holtan-Hartwig terningkast 3 for boka Legen på vidda – Et år i Karasjok. Bokmeldaren hadde ikkje eingong fullført boka!

Eriksen synest boka hadde mykje humor, skråblikk og varme, trass i alvor og triste skjebnar.

– Eg sit igjen med kjensla av at tida er det mest verdifulle vi har, det er jo ikkje så nøye om du har det nyaste kjøkkenet eller dei dyraste kleda, så lenge du ser dei rundt deg og dei ser deg. Og dessutan er det kult korleis forfattaren viser fram dei fine sidene av livet på bygda i Nord-Noreg.

Generelt synest ho også norske ungdomsbøker får for lite merksemd, trass i at «alle» snakkar om at barn og unge les mindre og mindre.

– Det er ganske paradoksalt korleis bokhandlane nesten gløymer at denne målgruppa finst. (Når dei ikkje kastar Colleen Hoover etter dei, då). Framtidas generasjonar må få tilgang på alle dei unike historiene som norske forfattarar skriv, og då må dei formidlast med stoltheit og varme, ikkje settast inst i bokhandelen.

Richelle Mead på middag

– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?

– Richelle Mead. Korleis får ho til å skrive om kjekke livvakter utan at det blir påtatt, eller heftige kyssescener som gjer ein heilt mjuk i kroppen? Eller sarkastiske dialogar som berre er BAM! Skulle gjerne fått litt av hennar skrivetalent. Då hadde eg blitt rik då!

– Og så trur eg Ole Giæver har mykje klokt å seie. Debutboka hans Mot Å var berre kjempefin.

– Om du berre skulle lese bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?

– Helga Flatland kanskje? Ho er utruleg flink til å skildre korleis vi menneske er utan at det blir for mykje psykologi og svevande prat. Det er liksom kvardagen. Der er ein bonde og han er sånn og sånn, eller der er den familien som mista sonen sin og dei har det slik. Ho er berre veldig god på å skrive om folk. Rett og slett. Gler meg til neste bok ho kjem med.

– Eller Knut Hamsun, for då kunne eg levd i Nordland resten av livet. Hadde vore fint.

– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?

– Tja, det hadde jo vore bra med ein høg, kjekk nordlending som kan vere Tarjei, haha. Og ei jordnær jente med kjenslene på utsida til å spele Solveig. Hmm, kanskje ein blond versjon av Ida Elise Broch?