Sigrid Hoddevik Losnegård er ny leiar i Natur og Ungdom

Losnegård tek over for Gytis Blaževičius som har vore leiar i eitt år.

Åshild Slåen
Publisert

Sigrid Hoddevik Losnegård er den nye leiaren i ungdomsorganisasjonen Natur og Ungdom. Ho vart vald på landsmøtet som vart arrangert frå 4. til 8. januar på Haugetun folkehøgskule utanfor Fredrikstad.

Losnegård er 21 år og kjem frå Sunnfjord i Vestland. Ho vart kjent med Natur og Ungdom gjennom skulestreiken i 2019, og vart nestleiar i Natur og Ungdom Vestland i 2021.

Losnegård tek over for Gytis Blaževičius som har vore leiar i eitt år. Ho har hatt rolla som 2. nestleiar i organisasjonen fram til no.

Tale Løkeland Ryste er attvald som 1. nestleiar, og Eri Melhus er vald som ny 2. nestleiar.