Liv (12) og Ola (12) meiner atomvåpen aldri burde brukast att

Skulebarn arrangerte fest for mottakarane av fredsprisen.

Åshild Slåen
Publisert

– Ei atombombe vart sleppt over byen der dei budde. Det er veldig trist og grufullt. Så er det veldig rart å møte nokon som har opplevd det.

Det seier Liv Miljeteig (12) frå Vålerenga skole. Ho og Ola Rønning Sønsteby (12) frå Kampen skole er to av tolv elevar som står bak barnas fredsprisfest, der mottakarane av årets Nobels fredspris blir heidra. Det er Redd Barna som står bak arrangementet.

Til stades på festen var Terumi Tanaka (92), Toshiyuki Mimaki (82) og Shigemitsu Tanaka (83) frå organisasjonen Nihon Hidankyō. Dei overlevde då det vart sleppt atombomber på dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i 1945, og svarte på spørsmål frå barna.

– Dei er nokre av få personar som overlevde ei atombombe. Tenk. Heile byen deira var heilt øydelagd, seier Ola.

Fekk høyre frå overlevande

Nihon Hidankyō er ein organisasjon som har jobba i fleire år for rettane til dei som overlevde atombombene i Japan, dei såkalla Hibakusha. Dei har også jobba for nedrusting, altså at land med atomvåpen skal kvitte seg med det på ein trygg måte.

Terumi Tanaka, generalsekretær i Nihon Hidankyō, kunne fortelje at han sjølv berre var 13 år då han overlevde bombinga av Hiroshima.

– I dag er atomvåpen framleis med oss. Difor vil eg, saman med dykk, jobbe mot ei verd utan atomvåpen, sa han gjennom tolk på arrangementet.

Dei overlevande fortalde både om skrekken då bomba falt, og den vanskelege tida etterpå, då det var lite mat og mange fekk varige helseplager.

Bør aldri brukast

Ola og Liv seier til Framtida Junior at det var sterkt å høyre på kva dei overlevande hadde opplevd som barn. Liv meiner atomvåpen aldri bør brukast, nettopp fordi det rammar alle.

– Det går ikkje berre utover dei det er meint for, men også sivile, bygningar og klimaet og alt sånt, seier ho.

– Eg er heilt einig med Liv, det er kjempefarleg, og det er ikkje naudsynt i det heile tatt. Det einaste det gjer er å øydeleggje byar og drepe alt du ser, seier Ola.

Rart å vere ferdig

Ola og Liv har brukt hausten på å planlegge festen, der dei både kunne opplyse om konsekvensane til atomvåpen, men også ha underhaldning frå talentfulle barn og ungdommar.

Det inkluderte blant anna ein strykekvartett med 14-åringar frå musikkskulen Barratt Due, dansegruppa Jump Crew som vann Norske Talenter og ei innføring i korleis ein seier «velkomen» (irasshaimase) og «gratulerer» (omedetō) på japansk.

– Det er litt rart å vere ferdig med det no, no som vi har haldt på med det så lenge, men eg er veldig fornøgd med korleis det vart, seier Liv.

Og Ola har planen klar for kva dei skal gjere etterpå:

– No blir det pizza.